Gå videre til innhold
Trine Wiggen spelar ein dramatikar som opplever at karrieren er på hell. Jae Nyamburah er niesa som opplever det motsette. Foto: Jannik Abel.
Trine Wiggen spelar ein dramatikar som opplever at karrieren er på hell. Jae Nyamburah er niesa som opplever det motsette. Foto: Jannik Abel.

Pressemelding -

Siste del av Goksøyr & Martens livsfrise

Kunstnarduoen Goksøyr & Martens er klar med fjerde og siste del av den monumentale pentalogien livet, og denne gongen handlar det om overgangsalder og overgangar i familie- og yrkeslivet.

MomA
av Goksøyr & Martens
URPREMIERE LAURDAG 11. MAI KL. 17.00
SCENE 3

- Livet er overgangar, og dei har vi tatt for oss. I desse overgangane er vi også gjerne i ei form for heimløyse. MomA snakkar om heimløyse med premissen om at arbeidet er heimen din, seier Camilla Martens og Toril Goksøyr.
Sidan 2017 har dei halde på med prosjektet med overskrifta livet, ein pentalogi med fem framsyningar som skildrar kjensla av denne heimløysa i ulike delar av livet.

Fem overgangsfasar

Pentalogien er ei rad med framsyningar som skildrar overgangane i livet frå fødsel til død. Kunstnarduoen la under pandemien om rekkefølgja i det store fiksjonsverket og har tidlegare sett opp 11 ÅR med barndommen som utgangspunkt, DOTTERA som krinsar kring ungdomsliv, BROR som sette vaksenlivet under lupa, og som handla om livets avslutning.

Overgangsalder

Korleis opplevest det når kunstnarkarrieren er på hell, samtidig som barnet du har oppdratt som ditt eige, vender deg ryggen og gjer suksess som kunstnar sjølv?
I MomA handlar det om Sigrun, ein anerkjent dramatikar som har hatt internasjonal suksess. Ho er midt i livet, har ingen eigen familie, men har fungert som mor for barnet til søster si, Makena. No er det den unge Makena som stig opp som stjerne i den internasjonale teaterbransjen. Sigrun står nett no utan oppdrag, men trudde ho og Makena hadde ein avtale om at ho skulle få sette opp eit stykke på Makena sitt teater. Det later ikkje Makena til å vite noko om. Ho vil rive seg laus frå Sigrun og stå på eigne bein.

Sigruns besøk ved teateret virvlar opp sanningar og måtar å sjå fortid og oppvekst på. Dei to kollegaene til Makena - og publikum - blir vitne til eit oppgjer mellom ei "dotter" og "ei mor" - som også har både djupt personlege, økonomiske og profesjonelle dimensjonar.

Intervju som metode

Også denne gongen lener kunstnarduoen Goksøyr & Martens seg på mange sanne historier for å kunne skape eit fiksjonsverk som gir resonans hos publikum.
- Vi har intervjua 15 kunstnarar i alle aldrar, så historiene kjem frå kunstfeltet, men situasjonen vi skildrar er meir ålmenn enn som så. Veit ein noko om å vere midt i livet, om å ha omsorgsansvar for eit ungt menneske som er på veg inn i vaksenlivet og har opplevd at dette høgt elska individet plutseleg snur ryggen til deg – i alle fall i eit augneblikk – så veit ein kva vi snakkar om, seier Goksøyr & Martens.

Les heile intervjuet her.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge