Gå videre til innhold
Sara vil helst ikkje fortelje venninna Lajla kva som skjedde på festen. Foto: Aslak Mikal Mienna.
Sara vil helst ikkje fortelje venninna Lajla kva som skjedde på festen. Foto: Aslak Mikal Mienna.

Pressemelding -

Samisk ungdomsframsyning om valdtekt

Forfattar Katrine Nedrejord har reist i store delar av Nord-Noreg og snakka med offer for valdtekt. Det gjorde henne sint, og sinnet brukte ho til å skrive. No har Beaivváš Sámi Našunálateáhter laga teater av ungdomsboka hennar.

Det Sara skjuler/Maid Sárá čiegada
FREDAG 24. MARS KL. 20.00 OG LAURDAG 25. MARS KL 16.00
GJESTESPEL FRÅ DET SAMISKE NASJONALTEATERET BEAIVVÁŠ
SCENE 3

Rundt 10% av alle kvinner og rundt 1,1% av alle menn i Noreg har opplevd å bli valteken minst ein gong i livet. I befolkingsstudien Saminor II kjem det fram at blant kvinner med samisk bakgrunn, har heile 22 prosent opplevd seksuell vald, medan talet for ikkje-samiske kvinner er 16 prosent. Dei fleste blir valdteken av nokon dei kjenner.

Ein del av statistikken

Forfattar Nedrejord har samisk bakgrunn og er sjølv ein del av valdtektstatistikken. Etter at ho snakka om dette offentleg, reiste ho mykje rundt i Nord-Noreg, og opplevde at mange ville snakke med henne og dele sine historier.

- Dei fleste over­grepa eg fekk høyre om hadde aldri fått nokre konsekvensar for gjerningspersonane, seier Katrine Nedrejord. LES MEIR.

Det gjorde at eit sinne voks i henne, og dette sinnet blei til ungdomsboka Det Sara skjuler, som kom ut i 2018. No har Beaivváš Sámi Našunálateáhter laga teater av boka, der vi følger Saras venninne, som vil at den som har forgripe seg mot Sara ikkje skal gå ustraffa frå ugjerninga.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge