Gå videre til innhold
Tre norner (Julie Moe Sandø, Christian Kallum og Kjersti Aas Stenby) i Lisa Lies Utiseta på Scene 2. Foto: Signe Luksengard.
Tre norner (Julie Moe Sandø, Christian Kallum og Kjersti Aas Stenby) i Lisa Lies Utiseta på Scene 2. Foto: Signe Luksengard.

Pressemelding -

Rituell fest på Scene 2

I Lisa Lies ganske skrudde univers, inviterer tre norner, to nissar, ein kvitorm, ein perserkatt og eit myrlik publikum med inn i skogen. Dei vil vi skal gå inn i vår eigen skog, og tek oss med på utiseta, for å sjå kva innsikter som finst der.

UTISETA

av Lisa Lie
URPREMIERE LAURDAG 29. OKTOBER KL. 18.00
SCENE 2


I ein scenografi som på ei og same tid gir assosiasjonar til både skog og strippeklubb, går det føre seg mystiske ting når regissør Lie, scenografmakkar Maja Nilsen og komponist Ingvild Langgård har ansvaret. Er det eit silkekledt skoglandskap, eller ein svampeaktig lekam med kroppsopningar? Er det ein kvitorm – eller ein penis? Er det ein roten stubbe – eller eit rævhol?

Frå høgtalarane pumpar kitschy 80-talsdosco, det blir dansa poledance og ei norne syng eit stev medan ei anna syng opera. På utiseta kan kanskje alt skje. Lisa Lie er ikkje redd for å blande det plumpe med det høgverdige, det banale med eit vell av referansar til både kunsthistorie, popkultur, draumar, mytar, porno og pagan kunnskap.

Les meir: Kva er utiseta
?

Gamal innsikt
Men i botnen ligg eit instendig ønske om å få publikum til å opne auga for kunnskap som er i ferd med å gå tapt. Utiseta tyder rett og slett å sitje ute for å oppnå nye innsikter.
- Kva finn vi når vi koplar oss på frå vår avkopla tid? spør Lisa Lie. Ho meiner teateret også kan opne opp nye rom i oss, og inviterer publikum med på å på nytt å skape opplevinga av å søke innover.
- Vi har lært oss å mistru det fantasien og intuisjonen vil fortelje, i staden for å spørje oss sjølve; kva ønskjer dette å seie oss?

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge