Gå videre til innhold
Vetle Bergan og Gina Bernhoft Gørvell er igjen klare som Julian og Hedvig i Maja Lunde og Lisa Aisatos Snøsøstera. Foto: Erik Berg.
Vetle Bergan og Gina Bernhoft Gørvell er igjen klare som Julian og Hedvig i Maja Lunde og Lisa Aisatos Snøsøstera. Foto: Erik Berg.

Pressemelding -

Ny juleklassikar? Snøsøstera tilbake på Det Norske Teatret

Både Aftenposten og Dagbladet trilla seksar på terningen da Snøsøstera hadde urpremiere for to år sidan. No kjem teaterversjonen av julekalenderromanen til Maja Lunde og Lisa Aisato tilbake, til glede for nye og gamle publikummarar.


SNØSØSTERA
av Maja Lunde og Lisa Aisato
NYPREMIERE LAURDAG 12. OKTOBER KL. 18.00
HOVUDSCENEN
I samarbeid med Kilden teater og konserthus


Historia om vennskapen som oppstår mellom Julian (Vetle Bergan) og Hedvig (Gina Bernhoft Gørvell) i tida før jul, rommar både juleglede, vemod og håp.

LES MEIR: - Eg er også ein ganske julete person, men eg er ikkje heilt på Hedvig-nivå, altså, seier Gina Bernhoft Gørvell.

På Hovudscenen på Det Norske Teatret har regissør Alan Lucien Øyen og scenograf Åsmund Færavaag skapt ei poetisk framsyning som framstår nesten som ei bildebok. Her glir snølandskap og stivpynta julegater forbi, vi blir med til svømmehallen og til skøytebanen, og får oppleve den lune stemninga heime hos Hedvig i Villa Kvisten. Alt er ledsaga av element frå Aisatos duse akvarellar og musikk av Henrik Skram, som tidlegare har laga musikken til m.a. Snøfall, og den spesialskrivne julesongen Når alle andre sansar kan få kvile av Odd Nordstoga.

LES MEIR: Odd Nordstoga hadde lova seg sjølv at han ikkje skulle lage fleire julesongar. Han var redd folk skulle bli lei. Men så ringde Det Norske Teatret...

Sorg og glede

Bilderomanen Snøsøsteren er eigentleg laga som ein julekalender, men julegleda er ikkje til stades når handlinga tek til. Julian gruer seg faktisk til jul, sjølv om julaftan til og med er fødselsdagen hans. Mor og far til Julian veit knapt kva dag det er, enda mindre at det snart er jul. Vanlegvis er desember den beste tida av året. Men i år er jula avlyst fordi søstera til Julian nyleg døydde. Sidan har ikkje foreldra vore seg sjølve. Alt ser bekmørkt ut - inntil han møter ei underleg jente som heiter Hedvig. Så hjelper Hedvig Julian med å finne julegleda, og Julian hjelper Hedvig med å gå vidare til den andre sida. Det viser seg nemleg at det berre er Julian som kan sjå henne...

Jula treng ikkje vere perfekt

LES MEIR: – I jula blir både dei gode og dei vonde kjenslene skrudd opp på maksimal styrke. Om du saknar nokon, så blir det saknet ekstra sterkt på julaftan. Det tenkte eg mykje på da eg skreiv Snøsøstera, seier Maja Lunde.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573
Media Content Panel
Framsyningsfoto Snøsøstera
Framsyningsfoto Snøsøstera
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Størrelse:
6000 x 4294, 8.19 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto Snøsøstera
Framsyningsfoto Snøsøstera
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Størrelse:
6000 x 4732, 6.22 MB
Last ned
Media Content Panel
snøsøstera 16-9.jpg
snøsøstera 16-9.jpg
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Størrelse:
1920 x 1080, 557 KB
Last ned
Media Content Panel
MND-Snosostera
MND-Snosostera
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.gif
Størrelse:
4016 x 2738, 7.9 MB
Last ned
Media Content Panel
Snøsøstera uttrykk.jpg
Snøsøstera uttrykk.jpg
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Opphavsrett:
Det Norske Teatret
Størrelse:
5000 x 2812, 1.81 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto Snøsøstera
Framsyningsfoto Snøsøstera
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Størrelse:
3461 x 3292, 2.86 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto Snøsøstera
Framsyningsfoto Snøsøstera
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Størrelse:
6000 x 3994, 6.95 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto Snøsøstera
Framsyningsfoto Snøsøstera
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Størrelse:
6000 x 4189, 7.27 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto Snøsøstera
Framsyningsfoto Snøsøstera
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Størrelse:
4724 x 3526, 4.93 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto Snøsøstera
Framsyningsfoto Snøsøstera
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Størrelse:
4884 x 3726, 4.8 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto Snøsøstera
Framsyningsfoto Snøsøstera
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Størrelse:
6000 x 4232, 7.14 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto Snøsøstera
Framsyningsfoto Snøsøstera
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Størrelse:
5729 x 3895, 6.13 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto Snøsøstera
Framsyningsfoto Snøsøstera
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Størrelse:
5172 x 3774, 4.06 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto Snøsøstera
Framsyningsfoto Snøsøstera
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Størrelse:
4880 x 3767, 5.12 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto Snøsøstera
Framsyningsfoto Snøsøstera
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Størrelse:
5368 x 3945, 6.77 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto Snøsøstera
Framsyningsfoto Snøsøstera
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Størrelse:
6000 x 3995, 7.05 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto Snøsøstera
Framsyningsfoto Snøsøstera
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Størrelse:
5067 x 3656, 5.13 MB
Last ned
Media Content Panel
Maja Lunde portett
Maja Lunde portett
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Opphavsrett:
Det Norske Teatret
Størrelse:
6016 x 4016, 17.4 MB
Last ned
Media Content Panel
Skøyteinstruktøren til Snøsøstera
Spill av video
Skøyteinstruktøren til Snøsøstera
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.mp4
Lengde:
1:29
Last ned
Media Content Panel
Odd Nordstoga om songen til Snøsøstera: Trudde ikkje eg skulle lage fleire julesongar
Spill av video
Odd Nordstoga om songen til Snøsøstera: Trudde ikkje eg skulle lage fleire julesongar
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.mp4
Lengde:
1:42
Last ned
Media Content Panel
Forteljinga i Snøsøstera
Spill av video
Forteljinga i Snøsøstera
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.mp4
Lengde:
0:59
Last ned
Media Content Panel
Den magiske juleforteljinga er tilbake!
Spill av video
Den magiske juleforteljinga er tilbake!
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.mp4
Lengde:
0:14
Last ned

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge