Gå videre til innhold
Nosizwe opnar Bikubekveld-våren 2017

Pressemelding -

Nosizwe opnar Bikubekveld-våren 2017

Bikubekveld - Det Norske Teatrets "late night show" kvar fredag - opnar med konsert med den nye stjerna Nosizwe Baqua, og avsluttar med Bond-kveld med Frank Kjosås i spissen.

VÅRENS FØRSTE BIKUBEKVELD

NOSIZWE BAQUA
FREDAG 13. JANUAR KL. 22.30
BIKUBEN, DET NORSKE TEATRET

NYTT PROGRAM KVAR FREDAG I HEILE VÅR
CC: 100,-

På Bikubekveld i vår kan ein oppleve alt frå slampoesi med Noregs fremste slam-poetar, tribute-kveldar til Cohen, Dylan, Are Kalvø og den urbane kunsten, til oppvarming til The Book of Mormon, Herborg Kråkevik, Gjertrud Jynge og meire til.

Sjå under for fullt program.

13. januar: Nosizwe Baqwa

nosizweNosizwe Baqwa er Noregs nye, fine og spennande stemme! Musikken hennar er ei leiken blanding av pop, jazz, elektronika og urbane stilar. Ho har jobba med anerkjende artister som Madcon, Karpe Diem, Sofian, Paperboys, Sisi og Charlotte Thorstvedt, og dessutan spelt på nokre Noregs største festivalar.

20. januar: «There’s a crack in everything, that’s how the light gets in» – Leonard Cohen

cohenLeonard Cohen har sett djupe spor i mange av oss med sine 14 album, fleire poesisamlingar, og romanar. Denne kvelden vil vi heidre den legendariske kunstnaren som nett har forlate oss. Denne kvelden samlast fleire av skodespelarar og musikarar frå huset, tek av seg hatten og bøyer seg i støvet!

Med: Frank Kjosås, Hans Rønningen, Øyvind Berven, Ingrid Jørgensen Dragland, Pål Christian Eggen, Espen Leite, , Kjetil Bjerkestrand, Espen Beranek Holm.

27. januar: SLAM! på Det Norske Teatret

fredrik-hoyerDenne kvelden tek dei beste slam poetane i landet scenen og framfører heilt unike og personlege tekstar. Publikum kan forvente seg «rett frå levra»-poesi, rytmar og nye tankar.

Med: Fredrik Høyer, Taro Vestøl Cooper med fleire.

03. februar: SALSA-kveld!

banakao-bandDet er duka for ein kveld med dans og LIVE musikk med det Oslobaserte bachata- og salsabandet BANAKAO. Du kan glede deg til heftige rytmar, deilige soloar og melodiar som vil ta deg med til Latin-Amerika for ein kveld. Kom og dans!

Salsa-verkstad: 21.45-22.25 – 50,- ekstra

10. februar: EXIsT:

exitStudentane ved Det Multinorske, Det Norske Teatrets skodespelarutdanning, er no halvvegs i sitt treårige studieløp. Ein del av undervisinga går ut på å lage si eiga framsyning, og det er den du får sjå på Bikuben 10. februar.

Sidan dette er ein studentvising vil andre studentar med gyldig studiebevis få gratis inngang.

Med: Emil Rodrigo Jørgensen, Mimmi Tamba, Peiman Azizpour, Catharina Vu, Kidane Gjølme Dalva, og Amina Sewali

17. februar: Ein hyllest til Bob Dylan

bob-dylanBob Dylans tekstar og musikk er innvigd i historibøkene, og fekk Nobelpris i litteratur 2016. Denne kvelden ønskjer skodespelarar og musikarar frå Det Norske Teateret å hylle den legendariske mannen, musikken og tekstane hans.

Med: Grethe Ryen, Pål Christian Eggen, Hans Rønningen, Heidi Gjermundsen Broch, Joachim Rafaelsen.
Musikarar: Marius Reksjø, Mats Grønner, Christian Svensson

24. februar: Da musikalen blei remixa

Musikal-remixaViss vi tek det beste frå to verder, det tradisjonelle musikkteateret og det urbane kunstuttrykket – kva blir resultatet? Vi har fått med oss nokre av dei meste spennande stemmene innan musikkteater, og gitt dei i oppgåve å utfordre musikalsjangeren – og ikkje minst seg sjølve!

Med: Ole Kristian Wetten, Thomas Haugland, Heidi Ruud Ellingsen og Myrna Braza m.fl.

03. mars: «The Book of Mormon»-kveld

the-book-of-mormon-paa-det-norske-teatret-2017Bikubekveld ønskjer varmt velkomen til ein spesial-kveld med gjengen som til hausten skal spele Broadwaymusikalen The Book of Mormon. Det er første gongen musikalen blir oppført i Noreg, og Det Norske Teatert har samla dei beste av dei beste på eitt og same lag! Vi kan love ei herleg blanding av musikk og humor med varme .

Med: Vidar Magnussen, Gjermund Andresen, Johan Osuldsen, Lars Bleiklie Devik m.fl.

10. mars: Urban Art Attack

Urban-Art-AttackÅrets første festkveld i den urbane kunstens namn er endeleg her! Her samlast dei råaste ambassadørane innan hiphopens element til ei feiring av frie uttrykk. Vi kan by på Mc´ing (rap/slam/song), DJ`ing (musikk), grafitti (kunst) og breaking (dans).

17. mars: Halve Kalvø

are-kalvo-4

Are Kalvø er ein av Det Norske Teaterets viktigaste bidragsytarar, og ein mann vi er veldig glade i.Utan Are hadde vi ikkje hatt Tusen år og like blid, Det folk vil ha, Norge – Brasil, Halve Kongeriket, gode norske omsetjingar av utanlandske teaterstykke og mykje latter!

Med: Charlotte Frogner, Iren Reppen, Julie Moe Sandø, Svenn Erik Kristoffersen, Tiril Heide-Steen, Pål Christian Eggen, Thomas Bipin Olsen m.fl. Kanskje kjem sjølvaste Kalvø også?

24. mars: Teateret og musikken

herborg«Nesten alle som jobbar med teater er overkøyrde av ordet» – Henning Sommerro
Herborg Kråkevik, Henning Sommerro, Sjur Miljeteig og Ane Dahl Torp gjev oss utvalde smakebitar frå norsk teatermusikkhistorie, eigne produksjonar, og den rettmessige plassen til musikken på teaterscena vil bli stadfesta ein gong for alle.

Med: Herborg Kråkevik, Henning Sommerro, Sjur Miljeteig, Ane Dahl Torp m. fl
I samarbeid ed NOPA

31. mars: SLAM! på Det Norske Teatret

fredrik-hoyerDei beste slampoetane i landet tek igjen over scenen og framfører heilt unike og personlege tekstar. Publikum kan forvente seg «rett frå levra»-poesi, rytmar og nye tankar.

Aktører: Fredrik Høyer, Taro Vestøl Cooper m. fl

monologbonanza-web

21. april: Monologbonanza: Stemmen og rytmen

Ei arbeidsvising frå skrivekurset «Stemmen og rytmen», under leiing av forfattar og slampoet Fredrik Høyer. Med utgangspunkt i slam-poesi og spokenword som ein måte å skrive og framføre scenetekstar på, har dette skrivekurset hatt fokus på tekst og personleg tekstframføring.

28. april Jynge og Leite

Frå landevegen«Korleis lever vi med fortida og på kva for måte finst fortida for oss?»
I framsyninga Frå landevegen møtte trekkspelar Espen Leite og skodespelar Gjertrud Jynge kvarandre. Denne kvelden vil dei utvikle det musikalske samspelet med romanisongar, Brecht og anna musikk med utspring i kamp og avmakt.

05. mai: «James Bond» – i Huldas hemmelege teneste

i-huldas-hemmelege-teneste-web

Bond. James Bond. Drinken er rista, ikkje rørt. Han er kvikk i replikken og damene fell som fluger for denne mannen. Gjennom tiår har han følgt oss, men det som har følgt Bond, er musikken. Musikken som har løfta fram eventyrlysta i alle som har sett filmane. 

Med: Frank Kjosås, Gjertrud Jynge, Klara Høeg, Niklas Gundersen, Ingrid Jørgensen Dragland, Pål Christian Eggen.

Musikarar: Espen Leite, Ståle Sletner, Christian Svensson, Marius Reksjø, Mats Grønner, Hans Rønningen.

Related links

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 200.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge