Gå videre til innhold
Noregspremiere på Nobelprisvinnar Jelineks Vinterreise

Pressemelding -

Noregspremiere på Nobelprisvinnar Jelineks Vinterreise

Jonas Corell Petersen er ein regissør med godt handlag med dei meir underfundige og skrudde teatertekstane. No har han tatt for seg den austerrikske Nobelprisvinnaren Elfriede Jelineks tekst Vinterreise, som for første gong blir sett opp i Noreg. Her blandar regissøren moderne teateruttrykk og absurde utfall med Franz Schuberts romantiske songsyklus med same namn.

VINTERREISE
av Elfriede Jelinek
NOREGSPREMIERE LAURDAG 20. NOVEMBER KL. 15.00
SCENE 2


På Scene 2 møter publikum ein havarert luftballong. Regissør Jonas Corell Petersen ønskjer å seie noko om å høyre til, og har i lag med scenograf Ida Grimsgaard skapt eit frosent vinterlandskap der menneske vandrar rundt kledde i digre pelskåper. Assosiasjonane kan kjapt gå til den heroiske polfararen, humanitærarbeidaren og nobelprisvinnaren Fridjof Nansen. Men det er ingenting heroisk ved menneska som stavrar rundt i isødet på scenen. Dei snublar, surrar, fell og klomsar. Dei verkar rett og slett ikkje heilt på plass. 

Vell av referansar

Vinterreise er ein tekstvev med eit utal referansar, og blir rekna som ein av Jelineks mest personlege tekstar. I denne filosofiske og musikalske ordkaskaden er det ekko frå 1800-talspoeten Wilhem Müllers diktsyklus Vinterreise, udøyeleggjort gjennom Schuberts tonesetjing. Her følger vi ein vandrar gjennom eit vinterlandskap medan han samanliknar kjenslelivet sitt med dei majestetiske bileta i naturen. Tekstane herfrå kommenterer handlinga i iscenesetjinga gjennom Paul Åge Johannesens framføringar.

Ein annan referanse er den austerrikske jenta Natascha Kampusch, som blei bortført og halden i fangenskap frå ho var ti til ho blei 18 år og mediestormen som følgde. Jelineks eiga familiehistorie er også sentral, mellom anna forholdet til den demente faren, som enda isolert på ein institusjon. Teksten ber også preg av Jelineks eigen lesing av filosofen Martin Heideggers verk Væren og tid, gjennom refleksjonar over tidas tyding for vår eksistens.

LES MEIR Regissør Jonas Corell Petersen: Leitar mellom teksten og det rare.

Omstridd dramatikar

Det vagte sterke reaksjonar da Jelinek mottok Nobelprisen i litteratur i 2004 ”för hennes musikaliska flöde av röster och motröster i romaner och dramer som med enastående språklig lidelse blottar de sociala klichéernas absurditet och tvingande makt”. Den austerrikske forfattaren er kjend for sin sammfunnskritiske stemme, og er forhatt av både katolske prestar, politikarar og media, som har omtalt henne som "samfynnsfiende nummer 1". Vinterreise kom ut i 2011, og oppsetjinga på Det Norske Teatret blir Noregspremieren for stykket. 

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge