Gå videre til innhold
Sara Khorami og Preben Hodneland som Kristin og Erlend, med kameraregissør Mads Sjøgård Pettersen i bakgrunnen.
Sara Khorami og Preben Hodneland som Kristin og Erlend, med kameraregissør Mads Sjøgård Pettersen i bakgrunnen.

Pressemelding -

Moderne Kristin Lavransdotter

Det er ei kraftanstrenging av dei sjeldne skodespelarane skal igjennom, når Sigrid Undsets storverk om Kristin Lavransdotter tek form på Hovudscenen i ei åtte timar lang teaterframsyning.

KRISTIN LAVRANSDOTTER
KRANSEN - HUSFRUE - KORSET

av SIgrid Undset
PREMIERE 10. SEPTEMBER KL. 12.00 - ca 20.00
HOVUDSCENEN

Sara Khorami står framføre si største rolleutfordring når ho skal gi gi liv til den mest kjende kvinna i norsk litteraturhistorie. Den intense kjærleikshistoria mellom Kristin og Erlend (Preben Hodneland) har fengsla lesarar gjennom generasjonar. Når historia no blir teater, er uttrykket på scenen rått og moderne, men orda er slik Undset skreiv dei.

LES MEIR: - Det er så drygt å skulle gjere dette, at eg slappar av, seier Sara Khorami. 

Gjenkjennelege dilemma

Trilogien om Kristin Lavransdotters liv, gir ikkje berre ein nøkkel til å forstå mellomalderens samfunnsnormer og mentalitet. Ramma rundt Kristins veg i livet er kjent for kvinner verda over. Ho bryt med samfunnets konvensjonar. 15 år gamal blei Kristin lova bort til Simon, guten på nabogarden. Å bryte alliansen og trasse foreldras vilje for å gifte seg med Erlend, blir avgjerande for det vidare livet hennar. Ho følgjer hjartet. Kristins og Sigrid Undsets refleksjonar rundt kjærleik, samliv, familieliv og relasjonar til barn, søsken, foreldrer og svogerfamilie står seg like godt uansett tidsalder. Og hennar leit etter ei større meining med det heile, er så universelt ein kan få det. 

Dei store kjenslene får plass

I Kjersti Horns regi blir dei store kjenslene spelte ut til fulle av eit hardtarbeidande ensemble. Publikum får komme nært på skodespelarane gjennom kameralinsa til Mads Sjøgård Pettersen. Han er på scenen gjennom heile framsyninga og gir tette bilde av alt som skjer, som igjen blir projisert opp på tre gigantiske lerret. Scenograf Sven Haraldsson har strippa det store scenerommet heilt ned, og fylt det med jord, vatn og luft. Mellom sal og scene er det trekt opp ei enorm plastgardin. Bak denne faldar ein usminka versjon av Kristin Lavransdotters liv seg ut gjennom åtte intense timar. Men for dei som vil sjå dei tre romanverka dramatisert separat, blir desse spelte enkeltvis gjennom hausten. 

LES MEIR: - Distanse og stengsel kan vere vakkert, seier scenograf Sven Haraldsson.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge