Gå videre til innhold
Herborg Kråkeviks Kjære landsmenn! hausta gode kritikkar da den hadde premiere i 2011. Foto: Mona Nordøy.
Herborg Kråkeviks Kjære landsmenn! hausta gode kritikkar da den hadde premiere i 2011. Foto: Mona Nordøy.

Pressemelding -

Med Herborg i stova

I høve nasjonaldagen inviterer Det Norske Teatret til eit kjærkoment gjensyn med Herborg Kråkeviks eigen hylling til fedrelandet. Framsyninga blei til same året Kråkevik flytta heim til gamlelandet, og her står ho fram som dansk ”kikkar” på det norske.

KJÆRE LANDSMENN!
- ein kabaret mellom bakkar og Himmelbjerg

av og med Herborg Kråkevik
HEIME I STOVA
TILGJENGELEG PÅ NETTSIDENE VÅRE OG PÅ FACEBOOKSIDA VÅR
FRÅ FREDAG 15. MAI KL. 20.00

Medan teatret sakte men sikkert opnar dørene og inviterer inn til stadig nye framsyningar i teatersalane - kjem Herborg Kråkeviks framsyning om oss nordmenn heim i stova til dei som loggar seg på ein skjerm. 

I denne musikalske kabaretframsyninga deler Kråkevik erfaringar frå eige liv medan ho parodierer arketypar og tek på seg eit utal roller kjende frå norsk offentlegheit. Ho har farta gjennom dette eineståande landet vårt i snart 30 år som artist. Ho har reist og sett, blitt lei av det og lengta seg sjuk etter det. I Kjære landsmenn! får alle desse motstridande kjenslene fritt spelerom i ukontrollerte utfall og såre, inderlege songar.


Les meir om framsyninga Kjære landsmenn!

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge