Gå videre til innhold
Har mannen utspelt si rolle? Foto: Pernille Sandberg.
Har mannen utspelt si rolle? Foto: Pernille Sandberg.

Pressemelding -

Mannen i krise

Dei seinare åra har det blitt hevda at mannen og mannsrolla er i krise. Kan det hende at Strindberg forutsåg dette allereie da kvinnekampen var i sin spede barndom for over hundre år sidan? Regissør Eirik Stubø kallar Faderen ein svanesong over mannsrolla.

FADEREN
av August Strindberg
PREMIERE LAURDAG 7. MAI KL. 18.00
SCENE 2

Står menn i eit krysspress av forventningar? Incelkulturen, #metoo og diverse barnefordelingssakar kan kanskje tyde på det. Polariseringa i samfunnet har også nådd kjønskampen, og argumenta som blir brukte kan ofte gjere at menn kjenner seg makteslause og utan moglegheit til sjølvforsvar. Det blir ein samtale dei ikkje kan vinne. Hevdar ei kvinne seg krenka, har ho rett, uansett korleis mannen måtte sjå på saka. Hevdar mora at ho best kan syte for barnet ved eit samlivsbrot, er det ofte hennar ord som veg tyngst. Samtidig ser menn at det er alfahannane som vinn kvinnene på kjønsmarknaden. Har menn blitt redde for kvinner?

Trumfkort: Barnet

Faderen frå 1887 er eit moderne sørgespel der Strindberg viser korleis kjærleiken mellom mann og kvinne kan bli ein kamp om kven som har rett og kven som må gi seg. Regissør Eirik Stubø vil med Strindberg undersøke korleis ekteskapet kan bli ei kampsone.

Utgangspunktet et ei ueinigheit om dotteras framtid, der mora (Kirsti Stubø) vil at ho skal halde fram med å bu heime, medan mannen (Svein Roger Karlsen) ønskjer at ho skal flytte til byen og utdanne seg til lærar. På den måten kan ho klare seg sjølv, dersom ho ikkje får ein mann til å forsørge seg. Men mora har berre barnet, og vil kjempe med nebb og klør for å halde henne heime så lenge ho kan. For å vinne striden brukar mora hersketeknikkar, manipulasjon og til sist sitt ypperste trumfkort, som gjer at mannen blir ståande forsvarslaus tilbake: Ho sår tvil om at han er far til jenta. Utan blodlina til barnet er det mora som har det sterkaste bandet til dottera, og med det rår over henne. 

Provoserar framleis

Faderen er provoserande, skrive med rasande penn på berre nokre få veker, har blitt omtalt som motbydeleg og vekkjer stadig reaksjonar. Er mannen – eller faderen – ein mannssjåvinist eller ein patriark som prøver så godt han kan å fylle den mannsrolla som rådde i tida? Han meiner i alle fall at han skal bestemme det han tenkjer er best for kone og barn. Men kanskje har han ikkje fått med seg at tidsanda er i ferd med å skifte, at kvinner krev rett til å vere med på å bestemme og at verken status eller styrke er gangbar valuta lenger? Resultatet er i allefall ein brutal og sviande maktkamp mannen er dømd til å tape.

Med
Svein Roger Karlsen, Kirsti Stubø, Gina Berhoft Gørvell, Britt Langlie, Lasse Kolsrud, Svein Tindberg og Christian Ruud Kallum.
Regissør Eirik Stubø Scenograf og kostymedesignar Erlend Birkeland Lysdesignar Torkel Skjærven Dramaturg Siri Løkhom Ramberg 

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge