Pressemelding -
Magisk jul med Snøsøstera
Når Maja Lunde og Lisa Aisatos moderne juleklassikar blir teater, er det duka for stor teatermagi på Hovudscenen.
SNØSØSTERA
av Maja Lunde og Lisa Aisato
URPREMIERE LAURDAG 22. OKTOBER KL. 18.00
HOVUDSCENEN
I samarbeid med Kilden teater og konserthus
Historia om vennskapen som oppstår mellom Julian og Hedvig i tida før jul, rommar både juleglede, vemod og håp. På Hovudscenen på Det Norske Teatret er regissør Alan Lucien Øyen og scenograf Åsmund Færavaag i ferd med å skape ei poetisk framsyning som framstår nesten som ei bildebok. Her glir snølandskap og stivpynta julegater forbi, vi blir med til svømmehallen og til skøytebanen, og får oppleve den lune stemninga heime hos Hedvig i Villa Kvisten. Alt er ledsaga av element frå Aisatos duse akvarellar og musikk av Henrik Skram, som tidlegare har laga musikken til m.a. Snøfall. Til slutt har også Odd Nordstoga latt seg overtale til å lage ein heilt ny julesong til framsyninga.
Sorg og glede
Bilderomanen Snøsøsteren er eigentleg laga som ein julekalender, men julegleda er ikkje til stades når handlinga tek til. Julian gruer seg faktisk til jul, sjølv om julaftan til og med er fødselsdagen hans. Mor og far til Julian veit knapt kva dag det er, enda mindre at det snart er jul. Vanlegvis er desember den beste tida av året. Men i år er jula avlyst fordi søstera til Julian nyleg døydde. Sidan har ikkje foreldra vore seg sjølve. Alt ser bekmørkt ut - inntil han møter ei underleg jente som heiter Hedvig. Så hjelper Hedvig Julian med å finne julegleda, og Julian hjelper Hedvig med å gå vidare til den andre sida. Det viser seg nemleg at det berre er Julian som kan sjå henne...

Ny juleklassikar
Maja Lundes juleroman i 24 delar med nydelege teikningar av Lisa Aisato blei utropt som ein klassikar allereie da den kom ut i 2018. Boka blei ein braksuksess med rekordhøge lesartal, og fleire aviser rulla terningkast 6. Det Norske Teatret er stolte av å vere dei første til å løfte fram denne varme historia på teaterscenen.
Related links
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.