Gå videre til innhold
Martine Næss Johansen, Zezé Kolstad og Jae Nyamburah.
Martine Næss Johansen, Zezé Kolstad og Jae Nyamburah.

Pressemelding -

Kvinnelege regissørar med minoritetsbakgrunn debuterer

- Det detyr mykje for meg å få vere en del av Spire. Mellom anna har eg lært viktigheita av å vere ein god leiar, seier Jae Nyamburah. Ho er tidlegare student ved teaterutdanninga det Multinorske, og no er ho ein av tre som har fått prøve seg innan regifaget med Spire, eit kurs for kvinnelege regispirer med minoritetsbakgrunn. 30. mars skal resultatet frå ein månads intens verkstad bli vist for publikum for første gongen.

SPIRE
3 prosjektvisingar på ein kveld
Regissørar: Martine Næss Johansen, Zezé Kolstad og Jae Nyamburah
PREMIERE ONSDAG 30. MARS KL. 19.00
ROMMEN SCENE


- Det er ingen løyndom at kvinnelege regissørar er mangelvare i teatret. Og kvinner med minoritetsbakgrunn omtrent ikkje eksistert i norsk teaterhistorie i det heile. Dette ønsker vi å gjere noko med, blant anna gjennom Spire, seier kunstnarleg leiar ved Det Norske Teatret i Groruddalen, Belinda Braza. 
Derfor har ho invitert inn Martine Næss Johansen, Zezé Kolstad og Jae Nyamburah til å prøve seg som regissørar. Alle tre med brei, men ulik, sceneerfaring frå før. Sidan februar har dei jobba fram eigne teaterprosjekt med ei ung målgruppe i tankane, under rettleiing frå kvinnelege mentorar med lang erfaring i faget. Med seg på laget har dei også ein gjeng unge skodespelarar. 

- Teatret har tradisjonelt rekruttert folk frå akademikarmiljø og med ein viss type bakgrunn. Både kvinner, arbeidarklasse og minoritetar har vore svært underrepresentert. Som kvinne har eg oppigjennom ofte erfart å vere heilt uaktuell som regissør, og eg opplever at eg har måtte brøyte meg ned i registolen, seier ein av mentorane, regissør Marit Moum Aune. Ho meiner norsk teater kan takke utlandet for at vi har kvinnelege regissørar i Noreg, for det er nemleg ikkje i Noreg dei fleste norske kvinnelege regissørane har tatt utdanninga si. Moum er sjølvlært innan faget, og synest det er positivt at teatera dei seinare åra har gjort grep for å betre representasjonen på scenane:
- Vi treng mangfald for å fortelje historier ut ifrå ulike erfaringsgrunnlag og utgangspunkt.

Martine Næss Johansen har laga ei verkstadvising basert på si eiga bok Vi har ikke fire nye år, som tematiserer ung, skeiv kjærleik. Zezé Kolstad si vising utforske opplevingar, kjensler og synspunkt rundt det å vekse opp i Noreg med bølgete, krøllete og krusete hår. Medan Jae Nyamburah tek opp interseksjonalisme og melaninrike kvinner i iscenesetjinga av teksten I skuggen av / Til minne for.

- Håpet er at dette prosjektet vil vere ein katalysator for for både nye regissørar og nye tema i teatret, avsluttar Baza.


RELATERTE SAKAR:

Spire: Om Spire-prosjektet.


Det Norske Teatret i Groruddalens skrivekonkurranse for dei som har ein god penn og bakgrunn frå Groruddalen.


Gnist: Det Norske Teatret i Groruddalens teaterskole for ungdom med interesse for lys, lyd, scenografi og maske.

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge