Gå videre til innhold
Gjennom iscenesette samtalar, talar og historiske møte tek skodespelar Kyrre Eikås Ottersen publikum med gjennom viktige hendingar i bondehistoria sidan andre verdskrigen. Foto: Teater Vestland.
Gjennom iscenesette samtalar, talar og historiske møte tek skodespelar Kyrre Eikås Ottersen publikum med gjennom viktige hendingar i bondehistoria sidan andre verdskrigen. Foto: Teater Vestland.

Pressemelding -

Kva har skjedd med den norske bonden?

Den norske bonden, norske gardar og norske bygder har vore under hardt press sidan etterkrigstida. Talet på bruk er sunke drastisk. Likevel blir det produsert meir mat. Men - vil bygdene våre overleve? Bondetinget set fingeren på paradoksa mellom uttalt landbrukspolitikk og dei faktiske resultata.

BONDETINGET
GJESTESPEL FRÅ TEATER VESTLAND
2. APRIL KL. 19.30
BUL-SALEN, NOREGS BONDEUNGDOMSLAG, ROSENKRANTZ GT. 8

 

I 2021 feirar Norges Bondelag 125 år i teneste for den frie, norske bonden. Landbruket har vore i ei rivande utvikling. No produserer knapt 36.000 bønder meir mat, og det billigare, enn 350.000 bønder gjorde etter krigen. Aldri før har så få produsert så mykje for så lite. Men - er noko stole frå dei norske distrikta?

Konsekvensane av norsk landbrukspoitikk er utarma bygder, nedlagde gardar, utdøyande bygdesamfunn og eit raseri som feiar over landet vårt. Framsyninga Bondetinget er eit djupdykk i historia og bakgrunnen for kvifor og korleis vi er komne dit vi er i dag. Gjennom iscenesette samtalar, talar og historiske møte tek skodespelar Kyrre Eikås Ottersen oss innom viktige hendingar i den norske bonderørsla, som Øksnesutvalet, Hitraopprøret og opptrappingsvedtaket. Han gestaltar ei heil rekke personar, deriblant tidlegare statsminister Einar Gerhardsen og styremedlem i Norges Bonde- og småbrukarlag frå 1981-91, Helge Bergo. Sistnemnde er ein av gjennomgangskarakterane i stykket, og forfattar av bøkene Norsk jordbruk – en økonomisk slagmark og Avvikling av den norske bonden.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge