Gå videre til innhold
Mannen på sykkelen er ein av dei som strevar med å få livet i gong etter at livet brått blei heilt annleis. På bildet er skodespelar Gard Skagestad - i lag med katten, som ser alt. Foto: Eirik Malmo.
Mannen på sykkelen er ein av dei som strevar med å få livet i gong etter at livet brått blei heilt annleis. På bildet er skodespelar Gard Skagestad - i lag med katten, som ser alt. Foto: Eirik Malmo.

Pressemelding -

Koronaen ga oss ein ny sjanse

Koronaen gav oss ein sjanse til å starte med blanke ark. Som nyfødde, på eit vis, meiner regissør Elisabeth Matheson. Dette er bakteppet for handlinga iI desse dagar - om menneske som så smått forsøker å lære å leve igjen våren 2020.

I DESSE DAGAR
av Ingrid Jørgensen Dragland
URPREMIERE TORSDAG 13. OKTOBER KL. 20.00
SCENE 3

- Dette handlar ikkje om korona, men handlinga går føre seg i tida rett etter den første nedstenginga våren 2020, da vi kom ut av hia våre, seier regissør Elisabeth Matheson. For 11 år sidan forlot ho Det Norske Teatret somskodespelar. No er ho tilbake - som regissør.
- Nokre var blitt redde for å leve, nokre var veldig sultne på livet, andre kunne ikkje dei sosiale kodane lenger, mimrar Matheson.
Korleis vi forheldt oss til våre gamle, venner og myndigheitenes påbod og anbefalingar varierte, menhadde konsekvensar, anten vi var liberale eller strenge. Regissørenmeiner vi alle ber på ulike sår frå denne tida, som kanskje ikkje er ferdig heila enno.Ho undrar om vi ikkje gjekk for kjapt i gong med liva våre. Mange fekk aha-opplevingar og nye perspektiv på livet.
- Vi kjente på kjærleiken til kvardagen og det nære, held Matheson fram, men konkluderer med at dei flestekjapt kom tilbake i vante spor.

Med kjærleik til kvardagen


Men iI desse dagarer alt dette enno ferskt. Menneska er så smått i ferd med å finne tilbake til kvardagen. Det er ein assosiativ teaterleik der vi følgjer ulike menneske gjennom ein dag i ein storby. Med koronaen som bakteppe oppdagar menneska at det også går an å finne nye spor, skape nye mønster og følgje ukjente vegar. Med varme og humor skildrar dramatikar Ingrid Jørgensen Dragland livet, kvardagen og menneskas vesle strev. Med kjærleik til menneska har dramatikaren skapt kvardagssituasjonar som vil vere attkjennande for dei fleste av oss.Vi møter tenåringsjenta med berg- og dalbane-humør. Mora som vil vere mild, men som har tsunamiar inni seg. Mormora som er sjuk, men som ikkje vil fortelje det. Han som stressar på sykkel, men som eigentleg vil ligge på sofaen. Og ho som er gift med han, men som ikkje veit om ho vil vere det lenger.

Det vakre i det vanlege

-Det vakre i det vanlege trefte meg sterkt iIngrid Jørgensen Draglands tekst. Ho skildrar augeblikka så truverdig. Det åkrangle med tenåringen, sjølv om vi hadde bestemt oss for å ikkje gjere det, for eksempel, eller å bliheilt lamma av små val som; Skal eg ta bussen eller trikken? når ein balar med mykje større spørsmål, fortel Matheson. Ho håpar atpublikum kanskje vil oppleve ei slags heiling av å sjå stykket:
- Og kanskje dei vil gå ut av teateret med håp for framtida ogmedkjærleik til kvardagen - og tenåringen - sin!

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge