Gå videre til innhold
Pål Christian Eggen spelar rolla som den mystiske Andreas Vest.
Pål Christian Eggen spelar rolla som den mystiske Andreas Vest.

Pressemelding -

Kimen av Tarjei Vesaas blir teater

Kva ansvar har den enkelte for ei ugjerning alle var med på?

KIMEN
AV TARJEI VESAAS
URPREMIERE 19. JANUAR KL. 19.30
PÅ SCENE 2

Ei ung jente er drepen. Kven har gjort det? Drapet slår ned som eit lyn i det tilsynelatande uskuldige øysamfunnet. Den nyinnflytta Andreas Vest blir raskt mistenkt, og det utviklar seg til ei nådelaus jakt. Øybuarane tek ei kollektiv avgjerd om å ta lova i eigne hender og drep han.

Ansvarsfråskriving

Angstfulle og i vantru over kva dei har vore med på, går samfunnet inn i ei felles fornekting av hendingane og vender både broren og faren til den drepne jenta ryggen. Ingen vil ta ansvaret for mordet, alle skyv ansvaret over på broren, som stod i bresjen for menneskejakta.

Tru mot boka

Regissør Anders T. Andersen har tidlegare lykkast med å dramatisere litterære verk gjennom NRK-serien Berlinerpoplene. Denne gangen held han seg nærare litteraturen. Han har sjølv stått for dramatiseringa, som er den første teaterversjonen av Kimen. Skodespelarane maner fram historia som om det var eit musikkstykke der alle skodespelarane er ulike instrument. Vesaas sine naturskildringar er med, men blir forsterka gjennom nokre få detaljar i scenebildet.

Flokkmentalitet og massesuggesjon

Kimen handlar om eit lite miljø på ei lita øy, men historia som blir fortald, har gjenklang i både historiske og notidige forhold. I ein kritisk situasjon søker vi fellesskapet og leitar etter syndebukkar. Kva er det eigentleg som hender med oss menneske når vi handlar i flokk? Er alle fritatt frå ansvar da?

Les meir om Kimen

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge