Gå videre til innhold
På Det Norske Teatret skal Jae Nyamburah tolke ei av dei største rollene frå Henrik Ibsen. Foto: Monica Tormassy.
På Det Norske Teatret skal Jae Nyamburah tolke ei av dei største rollene frå Henrik Ibsen. Foto: Monica Tormassy.

Pressemelding -

Jae Nyamburah er Hedda Gabler

- Vi skal lage Hedda Gabler litt som ein episode i Falcon Crest, seier regissør og påtroppande teatersjef, Kjersti Horn. Ho har fått med seg eit stjernelag av skodespelarar, og i spissen står Jae Nyamburah som ei både utagerande og sårbar Hedda Gabler.

HEDDA GABLER
av Henrik Ibsen, til nynorsk ved Aina Basso
PREMIERE 7. SEPTEMBER KL. 18.00
HOVUDSCENEN


- Ho får ikkje, eller får ikkje til, å leve det livet ho vil leve, seier regissøren om Hedda Gabler.
Ho meiner det er likskapstrekk mellom Kristin Lavransdotter og Hedda Gabler i det at dei begge handlar om fridom.
- Fridom til å vere eit heilt menneske trass kjøn, tradisjonar og konvensjonar.
Regissør Horn ser Hedda som ein vill fugl sperra inne i eit altfor trongt bur:
- Ho er eit menneske med enormt potansiale, men manglar kraft til å bryte ut av det som er forventa av henne.

Kva handlar Hedda Gabler om, igjen? Les her!

På utstilling

På scenen står ein moderne draumeheim med kjøkken, badekar og toalett. Hit flyttar det nygifte paret Hedda og Jørgen Tesman, tilsynelatande lykkelege, før det heile går i oppløysing.
- Stykket handlar jo om menneske, ikkje 1800-talet, seier scenograf Sven Haraldsson.

Scenograf Sven Haraldsson har laga eit Insta-vennleg fullt utstyrt hus på scenen.


Henrik Ibsens drama provoserte og vekte avsky da det kom ut i 1890. Men sjølv om denne versjonen av Hedda Gabler ikkje forheld seg til dramatikarens samtid i uttrykket, er teksten slik Ibsen skreiv den - omsett til nynorsk ved Aina Basso.

Høglytt Hedda

Jae Nyamburah på prøvene i eigne klede og med test-parykk.

- Eg trur ikkje Hedda får lov av omgivnadene til å vere den ho eigentleg er, og det straffar seg, både for henne og andre, seier Jae Nyamburah om rollen sin.
Ho meiner Hedda gjer alt som er forventa av henne - som å gå på ball, gifte seg, få seg fint hus og familie. - Men ho blir kvelt av omgivnadene likevel.
- Som ein noko høglytt - eller loud - person sjølv, tek eg stor plass. Og det kan provosere mange. Som Hedda kan eg kjenne på at forventningar kan kjennast tyngande, seier skodespelaren.

Nyamburah blei nyleg nominert til Heddapris for beste medspelar for rolla i De må føde oss eller pule oss for å elske oss ved Nationaltheatret, og hoppa inn i rolla som Romeo i Heddaprisvinnaren Romeo og Julie ved Den Nationale Scene. Hedda Gabler er hennar første hovudrolle på Det Norske Teatret.

- Eg kan ikkje sitje og vente på ein kar. Og kunne aldri ha spelt Solveig!, seier Jae Nyamburah.
Les heile intervjuet med skodespelaren her.

Ibsensk humor

- Eg synest faktisk det er veldig mykje humor i dette stoffet. Nesten litt farseaktig, seier regissør Kjersti Horn om Hedda Gabler.

Regissør og påtroppande teatersjef, Kjersti Horn. Foto: Magnus Skrede.

Ho er kjend for å lage ekspressivt og nært teater ved utstrakt bruk av video som verkemiddel, som i suksessframsyningane Kristin Lavransdotter og Einkvan. Også denne gongen er videoinstruktør Mads Sjøgård Pettersen er tilstades gjennom heile stykket og gir publikum nærbilde av handlinga.
- Like mykje som å seie noko om samfunnet og å vere kvinne, tenkjer eg Ibsen forsøker å seie noko om å vere menneske, med Hedda Gabler. På vegen blir han ein slags svartsynt feminist, som åtvarar mot dei mørke kreftene som finst i ein kropp og eit hjarte som blir frårøva moglegheita til å leve ut det livet som finst i henne, tenkjer regissøren.

Stjernelag på scenen

I tillegg til Nyamburah i hovudrolla, er Emil Johnsen Heddas akademikar-ektemann, Jørgen Tesman. Johnsen har vore sentral i fleire av prosjekta til Kjersti Horn, mellom andre framsyningane basert på bøkene til Edouard Louis. Han var også nyleg med i filmen Han og hadde hovudrolla i den kritikarroste filmen Kalak.

Preben Hodneland er Eilert Løvborg - den noko rufsete kollegaen til Tesman. Hodneland er også kjent frå fleire filmar og TV-seriar, og har blitt heidra med Heddaprisen i fleire kategoriar, mellom anna for rollene i The Book of Mormon og Raskolnikov. Han var også Erlend i Horns oppsetjing av Kristin Lavransdotter og er med i hennar iscenesetjing av Fosses Einkvan.

Kyrre Hellum er den utspekulerte Assessor Brack. Han har vore med i ei rad teaterframsyningar ved Det Norske Teatret - og i 2013 blei han nominert til Heddapris som beste medspelar for rolla som Judas i Bibelen. Han er også kjend frå film og TV, mellom andre Arme Riddere, Tomme tønner, Lillyhammer og sjølvsagt som skurken Snerk i NRKS julekalender Julekongen.

Kjersti Dalseide er Jørgen Tesmans gamle flamme Thea Elvsted. Dalseide debuterte i tittelrolla i Tonje Glimmerdal i 2013, og har sidan hatt ei rad ulike roller, både dramatiske og musikalske, ved Det Norske Teatret, mellom anna som Alma i Persona, som ho blei Heddanominert for. I vinter blir ho å sjå i hovudrolla i julefilmen Tre menn til Vilma.

Geir Kvarme har rolla som tante Julle. Han er kjend for mange gjennom rolla i Fredrikssons Fabrikk, Jul i Blåfjell og Offshore, men har også ei lang teaterkarriere bak seg. Ved Det Norske Teatret har han mellom anna spelt Peer Gynt, og vore del av produksjonane Oslo, Om mus og menn og Romeo og Julie.

Kirsti Refseth er tenestejenta Berte. Ho har hatt ei rekke store dramatiske roller ved Det Norske Teatret, mellom anna i Sorga kler Elektra, EKS og Faderen. I mange år var ho også knytt til Dramaten i Sverige. For rolla som Hermoine i Andromake ved Det Norske Teatret, fekk ho i 2008 Heddapris for beste birolle.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573
Media Content Panel
Hedda Gabler uttrykk
Hedda Gabler uttrykk
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Opphavsrett:
Det Norske Teatret
Størrelse:
1920 x 1080, 2.03 MB
Last ned
Media Content Panel
Scenografien i Hedda Gabler
Scenografien i Hedda Gabler
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Opphavsrett:
Det Norske Teatret
Størrelse:
2556 x 1595, 3.89 MB
Last ned
Media Content Panel
Kjersti Horn
Kjersti Horn
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Størrelse:
4000 x 2667, 3.34 MB
Last ned
Media Content Panel
Jae Nyamburah
Jae Nyamburah
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Opphavsrett:
Det Norske Teatret
Størrelse:
4024 x 3958, 9.16 MB
Last ned
Media Content Panel
Emil Johnsen
Emil Johnsen
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Opphavsrett:
Det Norske Teatret
Størrelse:
3893 x 4866, 11.2 MB
Last ned
Media Content Panel
Kyrre Hellum
Kyrre Hellum
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Opphavsrett:
Det Norske Teatret
Størrelse:
4024 x 5030, 9.46 MB
Last ned
Media Content Panel
Preben Hodneland
Preben Hodneland
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Opphavsrett:
Det Norske Teatret
Størrelse:
3486 x 4358, 7.43 MB
Last ned
Media Content Panel
Kjersti Dalseide og Emil Johnsen
Kjersti Dalseide og Emil Johnsen
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Opphavsrett:
Det Norske Teatret
Størrelse:
4024 x 5030, 9.02 MB
Last ned
Media Content Panel
Mads Sjøgård Pettersen
Mads Sjøgård Pettersen
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Opphavsrett:
Det Norske Teatret
Størrelse:
4024 x 5030, 9.03 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Opphavsrett:
Det Norske Teatret
Størrelse:
7211 x 4810, 2.43 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Opphavsrett:
Det Norske Teatret
Størrelse:
6782 x 4523, 1.42 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Opphavsrett:
Det Norske Teatret
Størrelse:
8192 x 5464, 3.16 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Opphavsrett:
Det Norske Teatret
Størrelse:
7997 x 5334, 2.31 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Opphavsrett:
Det Norske Teatret
Størrelse:
8021 x 5350, 2.41 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Opphavsrett:
Det Norske Teatret
Størrelse:
7997 x 5334, 1.87 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Opphavsrett:
Det Norske Teatret
Størrelse:
7654 x 5105, 2.5 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Opphavsrett:
Det Norske Teatret
Størrelse:
7697 x 5134, 2.59 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Opphavsrett:
Det Norske Teatret
Størrelse:
7997 x 5334, 4.77 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Opphavsrett:
Det Norske Teatret
Størrelse:
7790 x 5196, 3.65 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Opphavsrett:
Det Norske Teatret
Størrelse:
8021 x 5350, 4.76 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Opphavsrett:
Det Norske Teatret
Størrelse:
7733 x 5158, 3.12 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Opphavsrett:
Det Norske Teatret
Størrelse:
7494 x 4998, 2.59 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Opphavsrett:
Det Norske Teatret
Størrelse:
8021 x 5350, 4.58 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Opphavsrett:
Det Norske Teatret
Størrelse:
6829 x 4555, 2.85 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Opphavsrett:
Det Norske Teatret
Størrelse:
3471 x 2315, 685 KB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Opphavsrett:
Det Norske Teatret
Størrelse:
6180 x 4123, 1.98 MB
Last ned
Media Content Panel
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Framsyningsfoto: Hedda Gabler
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Opphavsrett:
Det Norske Teatret
Størrelse:
8021 x 5350, 4.05 MB
Last ned

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge