Pressemelding -
INVITASJON: Lanseringsfest og forsmak på Kjersti Horns første teatersesong
No er Kjersti Horn teatersjef ved Det Norske Teatret, og med det inviterer ho til fest med servering av smårettar frå repertoaret.
FORSMAK på teatervåren 2025
Måndag 13. januar kl. 17.00 - 18.00
Scene 2
På menyen står mellom anna ein sniklytt på ein låt frå hitmusikalen Once og samtale med hovudrolleinnehavarane i Lady Macbeth.
Arne Lygre har skrive eit heilt nytt stykke, Ikkje ein lyd, og vil delta i samtale med skodespelar Preben Hodneland.
Frå Eurovisjon-musikalen Europavisjonar blir det også ein musikalsk smakebit med Heidi Gjermundsen Broch, aka Angela Merkel.
Litteratursensasjonen Oliver Lovrenskis roman Da vi var yngre blir teater med Aksel Hennie som regissør og Hver gang vi møtes-aktuelle Jonas Benyoub i hovudrolla - dei to stiller også i samtale.
I tillegg blir det eit møte med gjengen som har takeover på Scene 3 - nemleg teaterrabulisten Tani Dibasey og avantgardistane i Only Slime.
Vi håpar pressen har lyst til å nytte høvet til å oppdatere seg på kva som rører seg på Det Norske Teateret framover, og lovar ein triveleg ettermiddag.
Emner
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.