Gå videre til innhold
Internasjonal Fosse-festival for andre gong

Pressemelding -

Internasjonal Fosse-festival for andre gong

Årets Fossefestival kan skilte med eit spekka program med eigenproduksjonar og gjestespel - også frå utlandet, i tillegg til eit breitt samansett sideprogram.

DEN INTERNASJONALE FOSSEFESTIVALEN
3. - 12. SEPTEMBER
DET NORSKE TEATRET
Les heile programmet for Fossefestivalen her

Fossefestivalen er ein arena for dramatikk som er skrive etter Jon Fosses dramatikardebut i 1994. Festivalen skal romme både internasjonale gjestespel og eigne produksjonar, samt eit fagprogram som tar sikte på å utforske dramatikken frå ulike perspektiv. Kva er dramatikk? Korleis spelar det litterære forelegget saman med dei andre kunstartane som til saman utgjer ei teaterframsyning?

I tillegg til Det Norske Teatret sine eigne framsyningar;Trilogien som kjem tilbake, urpremiere på Oresteia og Fosses nye stykke Sterk vind  og ikkje minst Mari Hesjedals Sov ikkje, blir det gjestespel, foredrag og samtalar. Kort sagt – festival! Den internasjonale Fossefestivalen 3. - 12. september vil ikkje berre legge til rette for gode teateraugneblinkar, men òg gi høve til å diskutere det moderne teateret og den moderne scenekunsten - og til å vende tilbake til teatret.

Tre eigne premierar på rad
Festivalen blir sparka igang med urpremieren på Oresteia  - Fosses versjon av Orestien av Aiskylos - 3. september på Hovudscenen med Eirik Stubø som regissør. 4. september blir det premiere på eit flunkanden nytt Fosse-stykke, trass i at Jon Fosse sjølv har svore på at han ikkje skulle skrive meir for teater. Sterk vind blir regissert av Johannes Holmen Dahl, og blir vist på Scene 2. Den 5. september blir det premiere på eit stykke av ein av dramatikarane som kjem i kjølvatnet av Jon Fosse, nemleg Mari Hesjedal. Sov ikkje blir vist på Scene 3, og Iram Haq debuterer som teaterregissør med denne framsynina. 

Lansering av nytt romanverk på første festivaldag
Same dag som Oresteia har premiere på Det Norske Teatret lanserer Jon Fosse og Samlaget tredje band i romanserien Septologien på teatret. Verket fekk tittelen fordi det naturleg deler seg i sju. Dei første romanane i verket har hausta strålande kritikkar og er selt til ei rekke land.

Gjestespel, samtalar og Fosse for dumskallar

Til Fossefestivalen kjem det anerkjende skodespelarkompaniet tgStan frå Belgia. Dei vil gjere sin versjon av Eg er vinden på Scene 3. Lagnaden ville ha det til at Stavros Niarchos Foundation Cultural Center S.A. frå Athen i Hellas har enda opp med å legge sjølv premieren på sin Nokon kjem til å kome til Hovudscenen på Det Norske Teatret. Elles kjem Linda Eide til å gi ei lettbeint innføring i Fosse for dei som synest han kan vere litt vrien å kome innpå, og dette blir også sendt via direktestrøyming til heile landet. I tillegg blir det gjestespel med Anne Marit Jacobsens Ro mitt hav, samtalar om alt frå myter, Gud og mat i Fosses forfattarskap. Med meir!

Festivalen er arrangert av Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget.

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge