Gå videre til innhold
Frå bokomslaget til Elena Ferrantes bok. Foto: Samlaget.
Frå bokomslaget til Elena Ferrantes bok. Foto: Samlaget.

Pressemelding -

Ilesesetjing av ny bok av Elena Ferrante

I løpet av våren vil Det Norske Teatret by på fleire ilesesetjingar av gode bøker. Først ut er ei av dei tidlegare bøkene til Elena Ferrante, som kjem ut på norsk først i mars.

SVIKNE DAGAR – LESING
3., 4., 6. OG 25. JANUAR KL. 20.30
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET

Det Norske Teatret og Samlaget har inngått eit samarbeid om å lese boka Svikne dagar av den hylla forfattaren Elena Ferrante. Den handlar om moderskap, ekteskap, svik og åleineliv. Det er dramaturg Carl Morten Amundsen som vil stå for regien, og Nina Woxholtt, Eivin Nilsen Salthe og Sara Khorami vil stå på scenen.

Svikne dagar

I Svikne dagar møter vi den 38-årige Olga, som blir forlaten av mannen sin etter 12 års ekteskap, til fordel for ei ung kvinne. Olga er ridd av sjalusi, raseri og sjølvforakt, og mistar sakte, men sikkert taket på omgivnadene sine. Ho dreg dei to ungane med seg i fallet. Svikne dagar er ein samtidsklassikar av ein forfattar som The New York Times har omtalt som «ein av dei store romanforfattarane i vår tid». Romanen har gripe lesarar over heile Europa med den usentimentale skildringa av moderskap, ekteskap og åleineliv.

Samtidsklassikar

Elena Ferrante er eit pseudonym for ein forfattar fødd i Napoli. Sidan 1992 har ho gitt ut fleire kritikarroste romanar. Napoli-trilogien har gitt Ferrante eit internasjonalt gjennombrot, og har også slått stort an i Noreg, både blant kritikarar og boklesarar. Eit unisont kritikarkorps trilla seksarar og kalla verket eit av dei største romanverka i vår tid. Bøkene har snart runda eit sal på 300 000. Samlaget kjem no med tre av Ferrantes tidlegare romaner på norsk, omsette av Kristin Sørsdal. Svikne dagar kjem blir tilgjengeleg for lesarar i mars, men allereie no i januar kan ivrige Ferrante-fans få med seg lesing av ei av dei nyomsette bøkene på Scene 3.

Related links

Emner


Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 200.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge