Pressemelding -

Historia om Alta-Kautokeino-vassdraget som dokuteater

Ellos eatnu! Nullpunkt. fortel historia om kampen om Alta-Kautokeino-vassdraget som gjekk føre seg frå 1979-1982. Slaget om vassdraget blei tapt, men blei definerande for korleis ein i ettertid har sett på samars rettar. For første gong vann samars krav om rettferdig behandling, verdigheit og respekt fram.


ELLOS EATNU: NULLPUNKT.
TYSDAG 22. FEBRUAR KL. 20.30 OG ONSDAG 23. FEBRUAR KL. 19.00
SCENE 3
GJESTESPEL FRÅ BEAIVVÁŠ SÁMI NAŠUNÁLATEÁHTER


Gjennom filmklipp, innslag frå Dagsrevyen og radio, fotografi, historiske dokument, joik, dans og teater blir publikum presenterte for tre personar som hadde avgjerande roller i saken: Journalisten Johs. Kalvemo som dekka saken for NRK, demonstranten Jorunn Eikjok som sultestreika framom Stortinget og demonstranten Niillas A. Somby, som forsøkte å sprenge ei bru.

Alta-saken var dominerande i det offentlege ordskiftet i lang tid og har sett sitt preg på både korleis vi ser på naturvern og urfolks rettar i ettertid. Tematikken er framleis aktuell i dag, da behovet for naturressursar aldri har vore større, og der omsynet til natur, kultur og urfolks rettar framleis er under press. 

Folkeaksjonen mot utbygging av Alta-Kautokeinovassdraget

Mellom 1978 og 1982 deltok til saman 10.000 menneske i ulike aksjonar og demonstrasjonar for å forsøke å stogge utbygginga av vassdraget. Bråket rundt vasskraftutbygginga byrja allereie i 1968, da planane blei lagde fram første gongen. Behovet for utbygging stod steilt imot omsynet til natur og miljø, Alta-vassdraget som lakseelv, reindriftsinteresser og samars rettar. Folkeaksjonen samla 15.000 underskrifter som blei sende til Stortinget, men trass i dette blei utbygginga sett i gang i 1979.

Det var etter dette at Folkeaksjonen mot utbygging av Alta-Kautokeinovassdraget tok i bruk sivil ulydigheit som kampmiddel, og både FN og internasjonale urfolkorganisasjonar blei involverte, og saken blei bragt for retten. Demonstrantar blei taua bort og bøtelagde, og Noreg møtte krass kritikk for behandlinga av samane internasjonalt. Høgsterett bestemte i 1982 at vedtaket om utbygging var gyldig, men førte samtidig til ein reform av norsk samepolitikk, og i 1987 fekk Noreg ei ny samelov.

Scenespråk: Nordsamisk med norsk teksting.

Related links

Emner

  • Teater


Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573