Pressemelding -
Hiphopteater rullar inn på Det Norske Teatret
Beatur voks opp i ein alkoholisert party-heim i Reykjavik på 90-talet. Dette har beatboxaren no laga ein musikalsk performance om. Og dette er berre ei av framsyningane som blir viste når hiphopteater og SPKRBOX tek inn på Det Norske Teatret frå 11. - 18. desember.
SPKRBOX PÅ DET NORSKE TEATRET:
BEATUR - MASTER OF THE UNIVERSE
Urpremiere laurdag 11. desember kl. 18.00.
Blir også vist 14., 15., 16. og 17. desember kl. 20.30 og 18. desember kl. 18.00
Scene 3
ASKELADDEN OG DE BESTE HJELPERNE
Laurdag 11. desember kl. 15.00
Scene 2
FØRSTEUTKAST
Fredag 17. desember kl. 18.00
Scene 3
FOKUS¨
Samir Madad
Fotoutstilling 11. - 18. desember
Med soloframsyninga Master of The Universe tek musikar, DJ og islandsk meister i beatboxing - Beatur - tak i si personlege historie. Det vil handle om å oppdra seg sjølv, om å springe ifrå ansvar og om å miste evna til å meistre sitt eige liv.
For barn byr SPKRBOX på Campingkompaniets versjon av historia om Askeladden og dei gode hjelparane - denne gongen med dei BESTE hjelparane. Campingkompaniet er kjende for å lage eigne versjonar av eventyra og formidle dei med leik, humor og fargar som passar godt for barn.
I tillegg blir det fotoutstilling om eigne livserfaringar ved Samir Madad og ei verkstadvising av eit stuntsamarbeid mellom rapparen KØBER, skodespelar/dramatikar Benjamin Lønne og regissør Kjell Moberg.
Related links
Emner
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.