Gå videre til innhold
Hiphop-verkstad for barn

Pressemelding -

Hiphop-verkstad for barn

I helga blir Det Norske Teatret fylt av barn som skal få bryne seg på hiphop-elementa.

BIKUBEBARN: // URBAN ART ATTACK FOR KIDS //
LAURDAG 19. OKTOBER kl. 11.30 - 15.00 

kl. 11.30-13.15: Workshop
kl. 13.30-14.30: Battles/showcase
kl. 14.30-15.00: Jam, snacks og gøy!
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

På Urban Art Attack for kids får barn mellom 6 og 13 år jobbe kreativt med dei ulike elementa innan hiphop og urban kunst – saman med nokre av dei aller beste frå street-kulturen. Marcus Andreassen vil stå for ein breakdance-workshop, Beatur vil lære bort skills i DJ`ing og beatboxing medan Linn Cathrin gir ei innføring i kunstarten grafitti. Dagen blir avslutta med battle og framvisingar der Marcus Andreassen, Camilla Tellefsen og Magnus Emaka Einang vil vere dommarar og Fela vil stå for vertskapet.

Les meir på Det Norske Teatrets nettsider.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge