Gå videre til innhold
Frå Urban Art Attack for kids i 2016. Foto: Erlend Tårnesvik Dreiås/Det Norske Teatret.
Frå Urban Art Attack for kids i 2016. Foto: Erlend Tårnesvik Dreiås/Det Norske Teatret.

Pressemelding -

Hip hop-kids inntek Hovudscenen

Laurdag blir Det Norske Teatret fylt av danseglade barn som skal få øve seg på sjølvaste Hovudscenen.

BIKUBEBARN: // URBAN ART ATTACK FOR KIDS // 
LAURDAG 9. SEPTEMBER kl. 11.00 - 15.00

Breakekurs: kl. 11.30 - 12.15
Battling, show og jam: kl. 12.30 - 15.00
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

Bikubebarn er Det Norske Teatrets aktivitetstilbod for barn, og denne hausten blir programmet sparka i gang med Urban Art Attack for kids. Her får barna lære seg ein koreografi, dei får sjå barn som allereie kan mykje hip hop vise seg fram - og dei får danse ein heil masse på Hovudscenen under leiing av nokre av Noregs beste utøvarar innan sjangeren. men det treng ingen forkunnskapar for å vere med. Denne laurdagen er det Beatur som står for platesnurringa, medan Magnus Emaka Einang vil halde breakekurset. I tillegg vil LOTUS og Mathias Jiin Budtz rettleie under danse-seansen og dømme under battelen. Arrangementet passar for dei mellom 6 og 12 år.

HEILE PROGRAMMET FOR BIKUBEBARN I HAUST


URBAN ART ATTACK FOR KIDS

LAURDAG 9. SEPTEMBER kl. 11.00 - 15.00

Her får barna både lære seg ein koreografi, dei får sjå barn som allereie kan mykje hip hop vise seg fram - og dei får danse ein heil masse på Hovudscenen under leiing av nokre av Noregs beste innan sjangeren. For dei mellom 6 og 12 år.

MINITEATERVERKSTAD SNØKVIT

LAURDAG 28. OKTOBER KL. 10.30-14.30, FRAMSYNING SNØKVIT KL. 15.00

Her får barna lage ei miniteaterframsyning! Dei får lage kostyme og scenografi, får teatersminke, lære ein koreografi og opptre på scenen framfor eit publikum. For dei mellom 6 og 12 år.

BØ OG BÆ – DEN MANGFALDIGE SCENEN

LAURDAG 11. NOVEMBER KL. 11.00-13.00

Den Mangfaldige Scenen arrangerer teaterøvingar på Det Norske Teatret. Med utgangspunkt i dei kjende bøkene om Bø og Bæ får barna mellom anna prøve ut korleis ein sau eigentleg snakkar. For dei mellom 4 og 12 år.

BLI KJEND MED TEATERET – GRAFITTI/COLLAGE

LAURDAG 18. NOVEMBER KL. 11.00-13.00

Verkstad med grafittikunstnaren Fru Bugge på målarsalen. For dei mellom 6 og 14 år.

Bli med i målarsalen på teateret. Der vil tilsette, saman med grafittikunstnaren Fru Bugge halde verkstad der du kan lage din eigen grafitti- og teiknekunst! Du får også ei omvising på resten av teateret.

HALLINGBREAK

LAURDAG 2. DESEMBER KL. 11.00-14.00

Halling og breakdans har mange likskapar. Breakar Marcus Andreassen og hallingdansar Anders Aasberg lærer barna både halling og break! For dei mellom 6-16 år.

DJ-VERKSTAD

LAURDAG 09. DESEMBER KL. 11.00-14.00

Barna vil lære å mikse, og kanskje til og med lage sin eigen låt? Dei anerkjende DJ`ane i Oh Mama!-crew står for verkstaden. For dei mellom 6-16 år

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge