Pressemelding -
Haust med store forteljingar
I dag lanserer teatersjef Kjersti Horn repertoaret for hausten 2025. Store romanforteljingar utgjer pilarane i repertoaret, som femnar frå barneteater til historier frå norsk afro-diaspora.
Ei av verdenslitteraturens mest gripande historier, berømt som musikal, kjem til Det Norske Teatret i rå teaterform. Kjersti Horn har alt gjort furore i Danmark ved Betty Nansen Teatret med si nytolking av Victor Hugos storverk Les Misérables, og hausta strålande kritikkar. Til hausten kjem framsyninga endeleg til Det Norske Teatret.
LES MISÉRABLES
I ei tid da barn sluttar tidlegare og tidlegare med å leike og let seg underhalde av skjermar både på skolen og heime, ønskjer regissør Peer Perez Øian å undersøke barnas eigen fantasi. Michael Endes berømte barneroman om Bastian, som forsvinn inn i historia i boka han finn, har brent seg fast i minnet til fleire generasjonar av barn. I haust løfter vi denne forteljinga fram på ny og inviterer nye barn med på Fantásias eventyr.
DEN UENDELEGE HISTORIA
Vi møter ein ung kunstnar som blir henta inn for å redde eit museum i krise. Linda Gathus nyskrive stykke undersøker tema som det å vere kunstverdas mangfaldalibi, og skjult norsk historie i ei sjangerblandene form som beveger seg frå satire til afrofuturisme til magisk realisme. Publikum blir tatt med på ei reise gjennom 400 år med norsk afro-diaspora. Framsyninga er eit fiksjonsverk som hentar inspirasjon frå liva til faktiske personar frå den norske afro-diasporaen.
SUKKER
Romanen frå 1983 er Göran Tunströms viktigaste verk, og fekk Nordisk Råds litteraturpris i 1984. I haust skal slektskrøniken om familien Nordensson frå den vesle byen Sunne, byen der han sjølv vaks opp, fylle Hovudscenen i Eirik Stubø sin regi. Vi skal til ei tid som ikkje lenger er, men også inn i draumar og minne, til radioens spede byrjing og Bachs store korverk.
JULEORATORIET
I fjor markerte vi tiårs-jubileum for det populære juleheftet Juleroser med å invitere til førjulsfest på Hovudscenen tre søndagar i advent. Det blei ei så varm og fin oppleving, at vi vil gjenta det heile i år - med nye gjestar og med Herborg Kråkevik som programleiar.
JULEROSER
Scene 3 vil by på fleire overraskande og nyskapande framsyningar i til hausten. Fullt program kjem seinare.
SCENE 3
I tillegg til alt dette, går den fjerde versjonen av Den internasjonale Fossefestivalen av stabelen 5. - 13. september. Denne gongen med eit rykande ferskt Fossestykke, store internasjonale gjestespel og ein kjent forfattarprofil som prominent gjest. Heile programmet blir lansert seinare i april.
DEN INTERNASJONALE FOSSEFESTIVALEN
Related links
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.