Gå videre til innhold
Gjertrud Jynge spelar Klytaimnestra, som drep mannen sin, og må bøte med livet sjølv. Foto: Erik Berg.
Gjertrud Jynge spelar Klytaimnestra, som drep mannen sin, og må bøte med livet sjølv. Foto: Erik Berg.

Pressemelding -

Har rettsstaten vunne over blodhemnen?

Oresteia av Aiskylos frå år 458 f.kr. handlar om demokratiets og rettsstatens fødsel. Oresteia blir gjerne lese som eit oppgjer med blodhemnen, men det ligg ein ambivalens mellom linjene som òg opnar for ei djupare meining. Kanskje er den evige spiralen av blodhemn noko vi framleis ikkje har greidd å fri oss heilt frå?

ORESTEIA

av Aiskylos. I ein versjon av Jon Fosse
URPREMIERE 1. SEPTEMBER KL. 19.00
HOVUDSCENEN

- Vi må anerkjenne at ikkje alt vi gjer, er styrt av fornuft, seier Eirik Stubø som har regi på Oresteia. 1. september har den klassiske greske tragedien premiere på Hovudscenen i Fosses nye gjendikting.

I Oresteia ligg det eit forsvar for rettsstaten mot den vilkårlege blodhemnen. Rå makt blir erstatta av rett og domstol. Men sjølv om rettsapparatet har vunne terreng, vil ein òg i dag finne blodhemn i statar med svak eller fråverande statsmakt. Likeins er trongen til hemn i det stadig meir demokratiserte offentlege ordskiftet sterk.

– Kanskje folk i dag opplever at dei som styrer er for fjerne frå oss, at politikarar og andre ikkje snakkar til oss som individ. Medan dei som framfører meir direkte appellar, sanne eller usanne, snakkar til kjenslene våre og treffer oss betre. Dette gjer Oresteia til eit svært interessant stykke i dag, meiner skodespelar Oddgeir Thune.
I stykket spelar han Orestes, ein mann med ei svært blodig arv.
Les heile intervjuet med Oddgeir Thune.

Blodig spiral

Klytaimnestra, mor til Orestes, drep ektemannen sin, Agamemnon, som hemn for at han drap dotter deira, Ifigenia. Dottera måtte bøte med livet som offer til gudane for at krigsskipet til Agamemnon skulle få vind i segla, og med det vinne ein krig og spare tusenvis av liv. I Oresteia handlar det om Orestes sin lagnad. Han er son til Klyteimnestra og Agamemnon. Som hemn for Klyteimnestras mord på faren, blir Orestes sin lagnad å drepe mora. Men etter drapet grip gudinna Athene inn og gir han ein rettferdig rettssak.

Kanskje vi treng å bli minna om at sjølv bak dei verste gjerningar, som drap, finst det eit menneske med kjærleik og tvil, med sorg og sinne, som har krav på å få si sak vurdert ut frå sine omstende. Slik at vi med Athene igjen kan seia:

slik har Gud og lagnaden gått saman til eitt
og røysta frå folket er éi
og heilag.

Oresteia opnar Den Internasjonale Fossefestivalen, som i år blir arrangert for 3. gong. Festivalen finn stad frå 1. til 9. september.

Related links

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge