Gå videre til innhold
Har krigsforbrytelsar ein utløpsdato?

Pressemelding -

Har krigsforbrytelsar ein utløpsdato?

Er alle russarar ansvarlege for krigshandlingane som akkurat no skjer i Ukraina? Er alle tyskarar som levde under krigen, og etterkommarane deira, ansvarlege for gassinga av jødane? Er alle jødar ansvarlege for ekspropiering av palestinske område og bombinga på Gaza-stripa? Amsterdam tek opp korleis byrda for krigsforbrytelsar stemplar folkegrupper og går i arv til framtidige generasjonar.

AMSTERDAM
av Maya Arad Yasur
NOREGSPREMIERE FREDAG 29. APRIL KL. 20.30
SCENE 3



Vi ber alle ulike merkelappar. Kvinne. Mann. Skeiv. Europear. Priviligert. Asiat. Same. Svart. Nordlending. Kristen. Jøde. Nokre merkelappar gir større stigma enn andre. Merkelappar har med seg ei historie ein må bere, berre i kraft av identiteten du er fødd med. 

Hovudkarakteren i Amsterdam er ein høgt akta fiolinist med israelsk og jødisk bakgrunn. Ho har fått seg leilegheit i den poshe delen av Amsterdam, er del av eliten både kulturelt og materielt, kjenner seg både verdsvant og vestleg. I tillegg er ho gravid, og burde vore nøgd i livet på alle måtar. Men ho er heimsøkt av negative tankemønster og kan ikkje fri seg frå andres blikk, kva fordommar og tankar andre til ei kvar tid måtte ha om henne. - Tankar som i like stor grad bur i henne sjølv:
- Trur mannnen i kassa at ho er muslim? Kva kan ho gjere for at han ikkje skal tru det? - Må ho stå til rette for Israels politikk ovanfor palestinarane no? - Tenkjer dama i køen at ho er ein grådig jøde?

Amsterdam
er ein medrivande tankestraum og ein ordleik som tek publikum inn i tankane til hovudkarakteren, og gir innsikt i korleis verda kan sjå ut om ein ber på ein merkelapp alle har tankar om. Ein dag stikk husherren til fiolinisten ei gassrekning frå 1944 under døra hennar, ei rekning som er skyhøg fordi ho aldri er blitt betalt. Rekninga blir ei fysisk påminning om at krigsforbrytelsar ikkje har nokon utløpsdato, framtidige generasjonar må betale. Og du slepp ikkje unna merkelappen du ber på, heller.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge