Gå videre til innhold
Carl Martin Eggesbø og Kyrre Hellum i "Det såkalla heisstykket" som reiser spørsmål om individuelt versus kollektivt ansvar. Foto: Eirik Malmo.
Carl Martin Eggesbø og Kyrre Hellum i "Det såkalla heisstykket" som reiser spørsmål om individuelt versus kollektivt ansvar. Foto: Eirik Malmo.

Pressemelding -

Har du og eg eit ansvar når barn døyr i krig?

Har vi alle blod på hendene? Nei? Ja? Kanskje litt? Det individuelle versus det kollektive ansvaret er i alle fall det denne ferske komedien, eller politiske satiren, ønskjer å tvinge tilskodaren til å reflektere over.

DET SÅKALLA HEISSTYKKET
Eller vondskapens ansikt og dei venlege ansikta til medhjelparane hans

av Nis-Momme Stockmann
NOREGSPREMIERE LAURDAG 25. FEBRUAR KL. 18.00
SCENE 3

Det er Kristi himmelfartsdag. Det er seint på kveld. To dresskledde menn frå arkivet i eit internasjonalt våpenfirma er kalla inn til eit hastemøte hos sjefane i 85 etasje. Dei anar ikkje kva som er agendaen, eller kvifor akkurat dei er kalt inn til møte. Dei veit berre at det hastar, og at dei skulle ta med seg nokre hemmelegstempla dokument.
Skal dei seiast opp? Eller - kanskje dei skal forfremmast? Og kva er det eigentleg som står i dei graderte dokumenta?
Noko stort, noko utanom det vanlege må vere på gang. Men kva? Så stoggar heisen dei står i mellom to etasjar.

Sylskarp samfunnssatire

Tyskland er mellom verdas 6 største våpen eksportørar, og omset for rundt 60 milliardar i året. Mykje av materiellet har blitt selt til mottakarland som er kontroversielle. Det såkalla heisstykket frå 2021 er inspirert av tyske forhold, men er i høgste grad overførbart til norske tilhøve. Norsk forsvarsindustri sysselset rundt 6000 personar og omset for om godt over 6 milliardar årleg. 13. januar i år landa den norske våpenprodusenten Nammo ein gullkanta avtale om å produsere våpen til bruk i krigen i Ukraina. Ein gladsak på alle måtar, eller?

Det såkalla heisstykket er ein sylskarp samtidskommentar som med sarkasme og ein god porsjon humor viser kapitalismens vonde ansikt. Utan å gi nokre svar, tvingar framsyninga publikum til å tenkje over kva ansvar den einskilde har, og kva vi er villige til å ofre for å leve i takt med vårt indre moralske kompass.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge