Gå videre til innhold
Grethe Ryen har vore fast tilsett ved Det Norske Teatret i over 40 år. No set ho seg i registolen i ei framsyning med dikt som tyder mykje for henne. Foto: Siren Høyland Sæter.
Grethe Ryen har vore fast tilsett ved Det Norske Teatret i over 40 år. No set ho seg i registolen i ei framsyning med dikt som tyder mykje for henne. Foto: Siren Høyland Sæter.

Pressemelding -

Grethe Ryen takkar av etter eit langt sceneliv

Når skodespelar Grethe Ryen takkar av etter eit langt liv på scenen er det med orda til diktaren Olav Nygard, bondesonen som rakk å gi ut fire diktsamlingar før han døydde, knapt 40 år gamal.

EIT LIV
av Grethe Ryen
URPREMIERE LAURDAG 21. SEPTEMBER KL. 18.30
SCENE 3

Grethe Ryen har sidan ungdomsåra vore opptatt av dikt og poesi, eit uttrykk som har tiltalt henne og som har sett ord på livets mange fasar. Med Olav Nygards dikt blir det alvor. Han blir ikkje utan grunn kalla ein dødens diktar. Med seg på scenen har ho skodespelarsonen Tov Sletta og skodespelar Emil Rodrigo Jørgensen i tillegg til musikar Thorbjørn Sletta Jacobsen. Grethe Ryen vil sjølv framføre enkeltvers, men grunna sjukdommen ALS som er i ferd med å ta ifrå skodespelaren hennar viktigaste reiskap; stemma, blir delar av teksten lese inn på band.

Grethe Ryen: - Eg trur ikkje teatersjefen torde å seie nei.


GLØYMT DIKTAR

Med eit Eit liv ønskjer Grethe Ryen å løfte fram poesien til den anerkjende, men i våre dagar nokså ukjende, poeten Olav Nygard. Han tilhøyrer rett nok den sentrale norske lyrikkanon, og blei i mellomkrigstida rekna for å vere ein av våre fremste lyrikarar, men er i ferd med å forsvinne frå folks medvit.

Les meir om Olav Nygard, "dødens diktar".

Grethe Ryen har vore fast tilsett skodespelar ved Det Norske Teatret sidan 1977 og mellom hennar største roller er tittelrollene i Heilage Johanna frå slaktehusa og Anne Pedersdotter, Milja i Ungen og Lovis i Ronja Røvardotter.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge