Pressemelding -
Gjertud Jynge og Ingeborg Sundrehagen Raustøl blir Piaf og Dietrich
Dei to ikona Marlene Dietrich og Edith Piaf klarte det kunststykket å halde det djupfølte vennskapet og kjærleiksforholdet skjult for den store offentlegheita, trass i det verdsomspennande renommeet. No blir forteljinga om vennskapen deira til teater med Ingeborg Sundrehagen Raustøl og Gjertrud Jynge i rollene.
SPORV OG ENGEL
av Daniel Große Boymann og Thomas Kahry
NOREGSPREMIERE 24. MARS KL. 19.30
SCENE 2
Dei to skodespelarane ved Det Norske Teatret har denne våren to heilt spesielle rolleutfordringar. Dei skal gi liv til to av dei største songarinnene verda har opplevd - og fortelje ei historie om dei som framleis ikkje er like kjend. Edith Piaf - dotter av ein gatesongar og ein sirkusakrobat - voks opp på eit bordell i Paris. Marlene Dietrich voks opp i ein tysk offiserfamilie og blei klassisk utdanna ved Statens musikkskole i Weimar. Under krigen underheldt Piaf både franske og tyske militære - medan Dietrich emigrerte til USA og song for dei amerikanske styrkane.
Som natt og dag
Ein sporv og ein engel - ulike som natt og dag - men begge superstjerner og ikon i samtida og for ettertida. Begge med det same lidenskaplege forholdet til musikk, rus og menn. Og kvarandre. Musikkteaterframsyninga Sporv og engel tek for seg den kjærleiksfulle og stormfulle vennskapen som oppstod mellom dei to når dei møttest i USA i 1947, og som varte livet ut.
Gjertrud Jynge er ikkje i tvil om kvifor Piaf var - og er - så høgt elska blant publikum verda over:
- Røysta! Evna hennar til å fortelje historier og formidle kjensler var eineståande. Ho levde for songen og kjærleiken, ho delte livet sitt med publikum, seier Gjertrud Jynge.
- Marlene Dietrich var ho ein tydeleg rollemodell for fri kjærleik. Ho utfordra dei aksepterte førestillingane om feminitet, forkasta kjønnsnormene og inspirerte ei heil verd med sin uvanlege og sofistikerte, androgyne stil, seier Ingeborg Sundrehagen Raustøl om filmstjerna Marlene Dietrich.
Den tyske regissøren Ann-Christin Rommen kjem tilbake til Det Norske Teatret for å undersøke kva dette overraskande og rørande forholdet mellom desse to kvinnene kan ha vore. Med seg på scenen har dei eit fullt band, og framsyninga er spekka med kjente og kjære songar frå begge songstjernenes rike katalog.
Related links
Emner
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.