Pressemelding -
Finst svaret på livets store gåter hos Freddy Kalas?
TOPPAR VG-LISTA
av og med Are Kalvø
URPREMIERE TORSDAG 19. AUGUST KL. 19.30
SCENE 2
Are Kalvø har tatt for seg VG-listas låtar gjennom dei siste 50 åra. Denne lista har på mange vis spegla det norske folks musikalske preferansar. For alle som ikkje finn denne musikken interessant eller god, så er det likevel nesten umogleg å ikkje bli påverka. Den blir spelt overalt; på radio, i bryllaup, på festar, i bursdagar, på kafe og restaurantar. Og umerkeleg snik den seg inn i nordmenns undermedvit, i ein så sterk grad at dei kan ta seg i å nynne «Pinne for landet» på veg til jobben.
Emner
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.