Gå videre til innhold
Dei japanske maneki-neko-figurane er meint å tiltrekke seg lykke. Katten i Sudden death fører derimot ikkje berre lukke med seg. Foto: iStock/LoulouVonGlup
Dei japanske maneki-neko-figurane er meint å tiltrekke seg lykke. Katten i Sudden death fører derimot ikkje berre lukke med seg. Foto: iStock/LoulouVonGlup

Pressemelding -

Er ei god historie betre enn ei sann historie?

Når sanninga bit deg i halen.

SUDDEN DEATH

av Petter S. Rosenlund
URPREMIERE 25. MAI kl. 20.00
SCENE 3


Ein mann har - mest sannsynleg - kanskje - ganske sikkert, køyrt over ein katt. Det set i gang ein spiral av dekkhistorier, spinn og utgreing av alternative fakta, som sjølvsagt blir meir infløkte når kattens svært så single eigar dukkar opp. Eit bilde av ei trist dame blir lagd ut på sosiale media - og vipps! Ein folkeaksjon av opprørde katteelskarar er i gang. Men kven er det han eigentleg mannen forsøker å avlede?

Satire

Petter S. Rosenlunds manus er ein snedig satire med over eit samfunn der den sterke fortellinga kan bli meir verkeleg enn verkelegheita, og der samtalane både mellom vanlege folk og i massemedia blir polariserte og konfliktstyrte. Opne plattformar som kommentarfelt og sosiale media var meint å vere ein demokratisk stad der alle skulle komme til orde. Kva gjer det med oss når alle skal bli høyrde?

- Ein god tanke, men plattformane har også påverka det offentlege ordskiftet. På sitt verste blir det ein kakafoni av konfliktdrivne samtalar, der nær sagt einkvar påstand skal framstå som like gyldig, seier Sigurd Ziegler, som er regissør for framsyninga.
- Eit slikt samtaleklima gjer det for eksempel gangbart å kalle Helsedirektoratets grundig funderte kostråd for «tenk på eit tal» eller underkjenne valresultat. Det er sjølvsagt djupt menneskeleg å fornekte ubehagelege sanningar. Men på ein open marknad av alternative forteljingar kan denne hangen få stort spelerom. Og det hjelper deg lite at koronaviruset er dikta opp av farmasøytisk industri når det likevel sender deg på respirator, held han fram.

Makta ligg i kommentarfeltet

Ziegler er sjølv også lege, og har merkt korleis legevitskapen blir utfordra i møte med kvasivitskap og synsing.
- Vitskap og forsking har ofte eit element av usikkerheit ved seg. Skråsikkerheit ligg ikkje i vitskapens natur, og det er kanskje ikkje alltid så sexy. Men dette gjer han også veldig sårbar i møte med retorisk effektiv kritikk som ikkje har noko sakleg fundament, meiner han. Og det er dette forhaldet mellom kva som er sant, og kva som blir høyrt og korleis ein gjennomsnittleg intelligent person kan bli fanga av sine eigne løgner Sudden Death prøver å filosofere rundt.

På scenen blir Rosenlunds til tider rabiate og kommentarfeltaktige dialog spelt ut i ein teatral og leiken form av skodespelarane Marie Blokhus, Kyrre Hellum og Oddgeir Thune.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge