Gå videre til innhold
Kanskje gjekk aldri vaktmeisteren heim frå jobb? Foto: Morten Bendiksen.
Kanskje gjekk aldri vaktmeisteren heim frå jobb? Foto: Morten Bendiksen.

Pressemelding -

Bryt seg inn i eit avstengd bygg

Urban exploring er ein subkultur der folk oppsøker forlatne bygnader og plassar som gjerne ikkje er tilgjengelege for folk flest. Det forlatne Siemens-bygget på Linderud er eit slikt bygg. I Shiemens får publikum høve til å vere urbane utforskarar og oppdage bygget innanifrå.

SHIEMENS
av deWangen-produksjoner
URPREMIERE TORSDAG 5. MAI KL. 19.00
SIEMENSBYGGET, LINDERUD

Mange har vel stått framfor eit forlate hus og kjent på uhygga og spenninga ved å kikke inn eit vindauge - eller kanskje kjenne om døra er låst. Siemens-bygget på Linderud er eit slikt bygg. I nesten 10 år har den 12-etasjar høge bygnaden stått ubrukt, og mange har vore nysgjerrige på korleis det ser ut inni, no som forfallet har begynt. Den karakteristiske 60-talsbygnaden har eit fantastisk utsyn over heile byen, og har vekt interesse hos utbyggarar og kapitalsterke krefter. Stein Erik Hagen er ein av dei som har vore interessert. NRK var aktuell som ny brukar av bygget. Men så hamna den arkitektoniske perla frå 60-talet på Riksantikvarens gule liste over verna bygnader. No er det Stor-Oslo Eiendom som skal avgjere den vidare framtida for bygget. 

LES MEIR OM SIEMENS-BYGGET: Verneverdien ligg i dei arkitektoniske kvalitetane, i tillegg til industrihistoria som bygget representerer.


I Shiemens får publikum vere med på å bryte seg det 11.000 kvadratmeter store bygget og finne ut kva som skjular seg på innsida. Her har det nemleg byrja å leve. Kanskje var det nokon som aldri forlot arbeidsplassen sin? Åtte skodespelarar har i lag med regissør Claire deWangen skapt ei oppleving i dialog med sjølve bygget. Det tidlegare norske hovudkvarteret til eit av verdas fremste teknologiselskap blir brukt som utgangspunkt for manuset. Det blir ikkje ei lineær forteljing, men ei serie hendingar som vil gi ei performanceinspirert kunstoppleving. deWangen-produksjoner sitt varemerke er nemleg å arbeide med stadspesifikke framsyningar, der sjølve staden blir ein slags hovudperson. Om sjølve hovudpersonen vel å uttale seg, er førebels uvisst. 

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge