Gå videre til innhold
Nasjonalteatret i Zagreb i Kroatia er eit gamalt og ærverdig bygg.
Nasjonalteatret i Zagreb i Kroatia er eit gamalt og ærverdig bygg.

Pressemelding -

Bienes historie får premiere i Zagreb

Midt under pandemien hausten 2020 fekk Maja Lundes kritikarroste roman Bienes historie i ein versjon av Lunde/Ingrid Weme Nilsen/Ola E. Bø/Nils Bech premiere i samarbeid med Nasjonalballetten. No set teatersjef Erik Ulfsby og heile det kunstnarlege laget framsyninga opp i Kroatia i ein ny teaterversjon.

Sidan urpremieren på Bienes historie har FNs klimapanel kome med fleire åtvaringar om kor kritisk det står til med planeten vår. Bienes historie fortel om store klimaendringar ut ifrå korleis nokre av dei minste vesen på jorda blir påverka. Framsyninga blir sett opp medan ein krig herjar og stel dei store overskriftane frå både pandemien og klimasituasjonen, og det med rette. Teatersjef og regissør Ulfsby, scenograf Even Børsum, kosymedesignar Ingrid Nylander og lysdesignar Torkel Skjærven kan rapportere om spesiell stemning under prøvane. Men Bienes historie ber også i seg ein bodskap om korleis vi menneske må samarbeide og bli einige for å redde jorda, og med dette også mennska som bor her.

Kunstnarleg samarbeid på tvers av landegrenser og internasjonal dialog er viktigare enn nokosinne. Bienes historie er del av Det Norske Teatrets internasjonale samarbeid, som vi er glade for å kunne ta opp igjen. Framsyninga får premiere ved Nasjonalteatret i Zagreb (HNK Zagreb) førstkommande fredag 11. mars. 

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge