Pressemelding -
Bestialitetens historie som punkrock-teater
I høve Jens Bjørneboe sitt 100-årsjubileum set Det Norske Teatret opp den omdiskuterte forfattarens hovudverk i ein ukonvensjonell versjon på Scene 2.
BESTIALITETENS HISTORIE
av Jens Bjørneboe
URPREMIERE FREDAG 28. AUGUST KL. 19.30
PÅ SCENE 2
I kjellaren på Scene 2 tronar ein avrettingsmaskin midt på scenen. Piggrådmusikken dundrar ut av høgtalarane medan samtlege skodespelarar trakterer kvart sitt instrument i ensemblerockebandet "Waffel SS". Ein galge, ein elektrisk stol og ein giljotin dannar den fysiske ramma for sceneversjonen av Kruttårnet frå trilogien Bestialitetens historie.
Her møter vi hovudkarakteren Protokollføraren, til forveksling lik Bjørneboe sjølv, som arbeidar ved eit galehus på den franske landsbygda.
La Poudriére
Ved sanatoriet la Poudriére mottar eit velståande klientell av bestialske mordarar og promiskuøse ei alternativ form for "behandling" for avvika sine. Utan nokon form for fordømming, men med ei nysgjerrig tilnærming til menneskas aller mørkaste sider, undersøker hovudkarakteren korleis menneska gjennom historia utan skam har slakta, drepe og plaga kvarandre på dei mest fantasirike vis. Alt medan han nyt det ypperste Frankrike har å by på av ostar, vin og kvinner.
Ettertrakta kroatisk regissør
Regien er ved Ivica Buljan, som dei seinare åra har blitt lagt merke til i store delar av Europa og i USA. Oppsetjinga hans av Balkongen av Jean Genet på Residenztheater i München blei av New York Times trekt fram som ei av dei beste framsyningane i Europa i 2018. Tilnærminga hans til teater er inspirert av happenings, performance og rock. Musikken har alltid ei framtredande rolle. Han jobbar som ein improvisasjonsmusikar når han regisserer, og ventar det same frå skodespelarane. Resultatet blir ein jam over Bjørneboes verk, der råskapen, det uføreseielege og umiddelbare har ein sentral plass.
Les meir om teaterframsyninga Bestialitetens historie på våre nettsider.
Utøvande kunstnarar er fritekne frå avstandskravet på 1 meter når dei gjennomfører kulturaktivitetar i regi av ein profesjonell aktør, jf paragraf 13 a i Forskrift om smitteverntiltak.
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.