Gå videre til innhold
Tre musikarar og seks skodespelarar gir nytt liv til norske folkesongar i Jazz på nynorsk. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.
Tre musikarar og seks skodespelarar gir nytt liv til norske folkesongar i Jazz på nynorsk. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

Pressemelding -

60 år sidan Jazz på svenska: No kjem Jazz på nynorsk

For 60 år sidan blei jazzplata Jazz på svenska gitt ut. Lite visste bakmennene Jan Johansson og Georg Riedel om at det skulle bli Sveriges mest selte jazzalbum gjennom tidene. Musikken har utan tvil også gjort inntrykk på eit utal norske lyttarar og musikarar. Går det an å gjere noko liknande med dei norske folketonane? Og kan det bli ei framsyning av det?

JAZZ PÅ NYNORSK

URPREMIERE TORSDAG 24. OKTOBER KL. 20.00
SCENE 3


Svaret kjem i desse dagar på Scene 3. Der jazzar nokre av Noregs dyktigaste jazzmusikarar fram eit norsk ekko av den legendariske svenske skiva. I Jazz på nynorsk vil kjente og mindre kjente songar frå den norske folketonetradisjonen tre fram i ny folk-jazz-drakt når Eirik Stubø tek med seg eit knippe skodespelarar og dei dyktige musikarane Håvard Stubø, Erik Nylander og David Wallurød til scenen. Både regissør Eirik Stubø og Håvard Stubø er søner av Thorgeir Stubø, som frå 60-talet sette preg på norsk og nordnorsk jazzmiljø. No har dei saman med gjengen på Scene 3 leikt seg med ei rikhaldig skattkiste og gjort eit nennsamt utval av kjente og kanskje nokre mindre kjente songar.

Les meir:
Norske folketonar i jazza drakt.

Dei som framfører songane har bakgrunnar frå ulike delar av Noreg. Med Jazz på nynorsk vil dei ta publikum med på ei musikalsk reise gjennom landets mange ulike folketonar i ei litt improvisert og jazza utgåve.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge