Gå videre til innhold
Søstrene Bianca og Sierra Casady utgjer inpie-bandet CocoRosie. FOTO Patricio Colombo.
Søstrene Bianca og Sierra Casady utgjer inpie-bandet CocoRosie. FOTO Patricio Colombo.

Blogginnlegg -

​ Overnaturlege draumar

EDDA har inspirert indiepopgruppa CocoRosie til å skape ny musikk i «eit vilt kjemieksperiment» på Det Norske Teatret.

TEKST Bår Stenvik TIL NYNORSK VED Arne Torp

I mange år har Robert Wilson vore kjend for å samarbeide med musikarar og komponistar innan samtidsmusikk, rock og pop. Philip Glass, Tom Waits, Lou Reed og David Byrne har alle laga musikk til oppsetjingane hans. Til EDDA har han fått med seg CocoRosie.

Gruppa opererer i området mellom kunst, musikk og performance, og vart grunnlagd av dei to søstrene Sierra og Bianca Casady. I 2003 var Sierra i Paris for å utdanne seg til operasongar, og da Bianca kom på besøk etter lang tid utan kontakt, starta dei straks band. Dei spelte inn den første plata på badet i leilegheita til Sierra. Begge systrene speler fleire instrument, og Bianca har òg bakgrunn frå biletkunst. På konsertar isceneset dei seg sjølve med både manne- og dameklede, og blandar hiphop-stil med mote og bruktklede. Tidlegare har dei spelt inn musikk på Island, og dei er glade i å arbeide med norrønt stoff, forklarer Bianca.

– Å arbeide med overnaturlige førelegg, som gudar og troll, set fantasien vår i sving på nye vis.

Som del av arbeidsdokumentet frå den første workshopen hadde CocoRosie fått utdelt ei liste med musikalske referansar, frå Björk til Valkyrien Allstars.

Har de bestemt dykk for å bruke norske folketoneklangar, eller halde dykk bevisst unna dei?

– Førebels har vi ikkje fordjupa oss i det, men vi har berre så vidt starta den kreative prosessen for dette stykket, og det kjem mykje meir.

Eksperiment

Under EDDA-prøvene på Det Norske Teatret gjer dei to seg sterkt gjeldande i utviklinga av stykket. På eit tidspunkt speler Marianne Krogh «den døde mora», som vandrar stivt rundt som ein zombie, med bølgjande blekksprut-fingrar framfor seg.

Ooh, spooky, seier Robert Wilson, frå scenekanten.

Han snakkar med Bianca om skummel musikk og theremin, maskina bak dei syntetisk syngjande tonane som introduserte spøkelse og romvesen i filmar på femtitalet. Men det er ikkje ein synthesizer som begynner å spele. Mellom alle dei svartkledde skodespelarane kjem Sierra ut på golvet i ei romsleg rosa selebukse, med den eine bukseselen nonsjalant slengd bak seg, som ein hale, medan ho syng klagande melodiar. Tonane bølgjer opp og ned, Krogh hermar, og dei står ei stund og syng fram og tilbake, før Sierra vinkar Gjertrud Jynge nærmare og instruerer dei to gjennom song og gestar til å ha ein ordlaus duett på golvet.

– Vi skaper på ein spontan og blind måte, forklarar Bianca seinare. – Vi respekterer dei første lydane og orda som kjem ut av munnane våre. Så gir vi dei til skodespelarane og musikarane rundt oss og ser eit vilt kjemieksperiment utfalde seg.

cocorosie-staar-for-musikken-i-edda

Søstrene Sierra og Bianca Casady er indiepopgruppa CocoRosie.

Samspel

Seinare kjem Sierra også ut på golvet for å demonstrere dans og rørsler, så energisk at selebuksa dett av henne.

– Bob liker å byrje med rørsler. Når vi møtest, har vi berre nokre få idear og prøver ting med heile teatergruppa i eit slags laboratorium. I vårt eige arbeid begynner vi ofte med ein visuell idé eller eit poetisk bilete, og vår eigen musikk er ei utforsking av desse bileta. Når vi lagar musikk, tenkjer vi ikkje på musikk, men mediterer over stemningar og dei føringane vi får.

Mens Sierra er ute på golvet under prøvene, held Bianca seg mest bak med musikarane, der ho stadig må ta imot meir og mindre konkrete utfordringar frå Wilson:

Romantic music, love!

Så, litt seinare:

Play as fast as you can!

Og seinare igjen:

Bianca, whatever you guys can think of to do, try something, anything!

Bianca og musikarane hennar er der kvar prøvedag og improviserer, med piano, trommemaskin, song og fiolin, etter Wilsons instruksjonar. På kveldane komponerer dei tekst og musikk til neste dag, og skodespelarane vaknar kvar morgon med ei ny mp3-fil i innboksen sin, som dei må høyre på, og lære seg tekst og melodi på trikken til jobb.

– Noko av materialet kjem frå det som skjer spontant under prøvene, men det blir filtrert igjen og igjen gjennom oss når vi arbeider i vårt eige rike. Vi er djupt innkapsla i denne verda, vi drøymer ho, vi vaknar i ho. Det er ikkje noko skilje mellom arbeid og fritid – sinna våre held fram å syngje.

Bianca forklarer at dei skriv ned notar nokre gonger, men dei er avhengige av å ha med seg musikarar som er villige til å arbeide fort og lære musikken berre med å høre på dei to syngje.

– For melodiane kjem i augeblikket, og dei må leikast med i det same augeblikket. Alle i rommet er del av det. Sånn liker Bob å arbeide. Alt skjer i augeblikket.

– Korleis er det å samarbeide med Wilson om musikken?

– Av og til blir han veldig involvert. Men om noko fungerer, seier han ikkje mykje, da begynner han berre å koreografere og danse rundt i rommet. Og det er sånn vi veit at det fungerer.

FAKTA
CocoRosie, som består av Bianca «Coco» og Sierra «Rosie» Casady, har gitt ut seks album, laga filmmusikk, og musikken deira er blitt brukt i oppsetjinga av HamletDramaten i Sverige. Edda er deira tredje samarbeidsprosjekt med Robert Wilson etter Peter Pan (Berlin, 2013) og Pushkins Fairy Tale i (Moskva 2015). I 2015 var Bianca også regissør for framsyninga Mother Hunting ved Akademi for Scenekunst i Fredrikstad. Under prøvane på EDDA i mai hadde dei med seg tre ekstra musikarar: Vokalperkusjonisten Vincent Garlantezec, Takuya Nakamura på piano, mellotron og trompet, og fiolinisten Asia Sorshneva.

Related links

Emner

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge