Han finn skjulte samanhengar med kunstig intelligens
Stipendiaten Kevin Roy ved Universitetet i Agder har utvikla ein algoritme som oppdagar årsakssamanhengar mennesket ikkje kan oppdage på eiga hand. Studien vart kåra til den beste studien da han vart presentert på ein internasjonal konferanse i Indionesia i fjor. Der deltok også forskarar knytt til Google, Adobe, Carneige Mellon University og andre internasjonale selskap og universitet.