Gå videre til innhold
Den gjevaste Eilert Sundt-prisen for 2022 gjekk til elevane Sima Zathang, Sofie Nicoline Berg og Julie Gryting frå Dahlske vidaregåande skule i Grimstad.
Den gjevaste Eilert Sundt-prisen for 2022 gjekk til elevane Sima Zathang, Sofie Nicoline Berg og Julie Gryting frå Dahlske vidaregåande skule i Grimstad.

Pressemelding -

Vann Eilert Sundt-prisen for arbeid om fleirkulturelle klasserom

Ifølgje juryen har årets vinnarar av Eilert Sundt-prisen levert ei imponerande og grundig oppgåve om korleis dagens ungdom opplever å vere i eit fleirkulturelt klasserom.

Det var stor begeistring frå elevane Sima Zathang, Julie Gryting og Sofie Nicoline Berg då juryen avslørte vinnarane av årets Eilert Sundt-pris. Elevane har forska på korleis ungdom opplever å vere i eit fleirkulturelt klasserom.

– Vi blei veldig overraska ettersom det var så mange gode oppgåver. Vi er glade for å få noko igjen for det harde arbeidet med oppgåva. Det har vore gøy og lærerikt å delta, og har gitt oss ei god kjensleav meistring, seier Sima Zathang.

Ho og medelevane Julie Gryting og Sofie Nicoline Berg frå Dahlske vidaregåande skule har skrive vinnaroppgåva «Det flerkulturelle klasserom». I oppgåva undersøkjer dei om elevar klarar å kommunisere føremålstenleg i eit klasserom med elevar som har ein annan kulturell bakgrunn enn dei sjølv.

Prisvinnarane har sett på om ungdom har mindre fordommar mot elevar dei kjenner kontra elevar dei ikkje kjenner, der begge gruppene har ein annan kulturbakgrunn.

– Det fleste opplever fleirkulturelle klasserom som noko positivt. Vi ser likevel at det er mindre fordommar i klasseromma med elevar ein kjenner frå før. Utanfor klasserommet eksisterer det framleis nokre stereotypiar og fordommar mot framande kulturar, seier Zathang.

Prisen blir delt ut årleg av UiAs Institutt for sosiologi og sosialt arbeid, og er ein forskarpris for vidaregåande skular i Agder. Oppgåvene tek føre seg samfunnsfaglege problemstillingar som er relevante for Agder-regionen. Prisen skal bidra til samfunnsengasjement og interesse for forskings blant ungdom.

Stort engasjement

Etter to år med digital prisutdeling blei prisen i år delt ut fysisk på UiA campus Kristiansand.

– Det er med stor glede at vi i år kan vere i same rom og dele ut prisen fysisk til elevane og rettleiarane, seier Sivert Skålvoll Urstad, leiar av Eilert Sundt-prisen på UiA.

Skålvoll Urstad fortel om eit rekordår med innsendte bidrag.

– Vi har sett eit stort engasjement frå heile Agder. Det er ei god auking frå tidlegare år med heile 60 innsendte oppgåver frå 7 ulike vidaregåande skular i Agder, seier han.

Klar vinnar

Ifølgje juryen skil oppgåva om fleirkulturelle klasserom seg klart ut som vinner. Den held eit imponerande nivå på dei fleste område, meiner juryen.

– Kandidatane har gjennomført ein omfattande studie med klare referansar til tidlegare forsking. Dette har dei analysert godt. Med tanke på metodeval, bruk av tidlegare forsking og analyse av eigne funn viser kandidatane svært høg grad av sjølvstende og vurderingsevne, seier Ingrid Wiksen Næser som delte ut prisen på vegner av juryen.

Les juryens grunngjeving her.

Årets vinnarar av Eilert Sundt-prisen:

1. «Det flerkulturelle klasserom» av Sima Zathang, Julie Gryting og Sofie Nicoline Berg frå Dahlske vidaregåande skule i Grimstad.

2. «Foresatte til barn som har nedsatt funksjonsevne, i møte med det offentlige hjelpeapparatet» av Hans Jacob Rogn Nilsen, Julie Iversen Løvdal og Johanne Elida Weydahl frå Drottningborg vidaregåande skule i Grimstad.

3. «Forventninger til fremtiden hos unge i dag ifht. før i tiden» av Oda Jensen Bratland, Catarina Morais Riberiro og Liv Marie Østebø frå Vågsbygd vidaregåande skule i Kristiansand.

Juryen delte ut premiar på 15.000, 10.000 og 5.000 kroner for 1., 2. og 3. plass.

Du kan lese alle vinnaroppgåvene frå 2022 og tidlegare vinnarar her.

Emner

Regions


Universitetet i Agder er ett av Norges nyeste universiteter, men røttene spenner over mer enn 190 års historie. Vi skaper og tilgjengeliggjør kunnskap og bidrar til nyskaping gjennom tett samarbeid og kritisk refleksjon for fremtidens samfunn.

Samskaping for fremtidens kunnskap

Universitetet i Agder er ett av Norges nyeste universiteter, men røttene spenner over mer enn 190 års historie. Vi skaper og tilgjengeliggjør kunnskap og bidrar til nyskaping gjennom tett samarbeid og kritisk refleksjon for fremtidens samfunn.