Pressemelding -

UiAs Ole-Christoffer Granmo er tiårets forskar innan kunstig intelligens

UiA-professor Ole-Christoffer Granmo er kåra til tiårets forskar innan kunstig intelligens.

– Eg tek i mot prisen med stor glede og takknemlegheit. I ein verd der dei store kjente Big Tech-selskapa dominerer og er nærmast einerådande, er prisen særleg viktig for oss som ønsker å fremme eit ikkje-kommersielt, grønt og demokratisk alternativ. Det er ei anerkjenning av arbeidet som er gjort og ein inspirasjon til vidare satsning, seier Ole-Christoffer Granmo.

Han understrekar også at han deler denne prisen med mange støttespelarar, både kollegaer ved UiAs Senter for forskning på kunstig intelligens (CAIR) og forskarar over heile verda som har bidratt til vidareutviklinga av Tsetlin-maskinen.

– Eg deler også prisen med leiinga ved UiA, både tidlegare og nåverande. Dei har gitt meg all fridom, støtte og moglegheiter heile vegen. Det er fantastisk å vere forskar på UiA, og denne prisen er eit bevis på at det ikkje handlar om storleik, men vilje og mot til å satse, seier han.

Det er NORA (Norwegian Artificial Intelligence Research Consortium) som står bak prisen, og Granmo mottok prisen på NORA-konferansen i Stavanger 9. juni.

Prisen blir gitt ut for å anerkjenne forskarar som har gjort ein framifrå innsats dei siste åra.

– Prisen går til Granmo for forskingsarbeidet med Tsetlin-maskinen. Vi er så imponert over arbeidet han har fått til. Arbeidet har vore svært verdifullt for utviklinga av kunstig intelligens i Noreg dei siste ti åra, seier Anne Håkansson, professor ved Universitetet i Tromsø og medlem av programkomiteen for NORAs årlege konferanse.

NORA (Norwegian Artificial Intelligence Research Consortium) arbeider med å styrke forsking, utdanning og innovasjon innan kunstig intelligens, maskinlæring og robotikk.

– Vi er veldig stolte av å ha Ole-Christoffer som ein av våre tilsette, og vi ser fram til å følgje arbeidet hans vidare, seier Sunniva Whittaker, rektor på UiA.

Professor Ole-Christoffer Granmo leiar UiAs Senter for forskning på kunstig intelligens (CAIR). Han lanserte Tsetlin-maskinen første gang i 2018.

Tsetlin-maskinen er ein logisk kode for opplæring av kunstig intelligens i ein datamaskin. Det revolusjonerende med Tsetlin-maskinen er at den baserer seg på logikk i motsetning til tallbasert maskinlæring. Det gjør den raskere, meir kostnadseffektiv og lettare tilgjengeleg for fleire brukarar. Chipen blir i dag bruk til ulike oppgåver innanfor fagfelta helse, finans og forsking.


Emner

  • Vitenskap, teknikk

Regions

  • Agder

Universitetet i Agder er ett av Norges nyeste universiteter, men røttene spenner over mer enn 190 års historie. Vi skaper og tilgjengeliggjør kunnskap og bidrar til nyskaping gjennom tett samarbeid og kritisk refleksjon for fremtidens samfunn.

Kontakter

Atle Christianssen

seniorrådgiver +47 911 61 119

Ole-Christoffer Granmo

professor kunstig intelligens +47 37 23 33 57