Gå videre til innhold
UiA-tidsskrift vil løfte fram trua språkfag

Pressemelding -

UiA-tidsskrift vil løfte fram trua språkfag

Nordic Journal of Language Teaching and Learning vil visa kvifor språkkunnskapar er viktig i ei verd full av digitale hjelpemiddel.

Etter ti år under eit anna namn har Nordic Journal of Language Teaching and Learning vorte nytt. Med nytt styre, nytt namn, ny redaktør og overgang til fortløpande publisering, har redaktør Susan Lynn Erdmann store planar.

– Me vil løfta statusen til forsking på andrespråk og framandspråk i Norden. Og me vil trykkja fleire artiklar som er skrivne på norsk, svensk og dansk. Tidsskriftet vårt skal vera ein kanal for forsking på dei nordiske språka, seier ho.

Det er Institutt for framandspråk og omsetjing på Universitetet i Agder (UiA) som gir ut tidsskriftet.

Språkfaga er trua

Talet på elevar som vel fag som fransk, spansk og tysk på ungomsskulen har aldri vore lågare. Språkfaga er òg trua på mange norske universitet. På UiA finst framleis faga fransk, spansk og tysk.

Erdmann vil at tidsskriftet skal visa kvifor språkkunnskap er viktig sjølv når me har så mange digitale verktøy som kan omsetja for oss.

– Språk er ikkje berre eit verktøy. Det kan gi oss innblikk i korleis andre menneske lever, tenkjer og ser verda. Det er viktig at me beheld denne kjelda til empati, seier ho.

To spesialutgåver i 2022

For språkforskarane er det fleire tema som er aktuelle for tida. Det blir forska mykje på multikulturelle klasserom, og det å henta kultur inn i språkundervisninga.

Det nye nummeret har blant anna ein artikkel om undervisning i norsk som framandspråk i Romania, og kva slags feil studentar med rumensk og ungarsk som morsmål gjer når dei lærer seg norsk. Det er òg artiklar om språkbruk i fagfornyinga, og korleis framandspråk og engelsk blir beskrive der.

– Me har gått over til kontinuerleg publisering slik at folk skal få tilgang til ny forsking med det same ho er klar, seier Erdmann.

For resten av 2022 planlegg Nordic Journal of Language Teaching and Learning to spesialutgåver. Det første vil presentera artiklar frå framandspråkkonferansen som vart arrangert av Nasjonalt senter for engelsk framandspråk i opplæringa.

Det andre temanummeret vil ta utgangspunkt i eit språkkorpus som UiA har utvikla basert på elevtekstar frå undervisning i engelsk, spansk, tysk og fransk. Eit korpus er ei samling av elektroniske tekstar med språklege ytringar.

Tidsskriftet vart etablert under namnet The Nordic Journal of Modern Language Methodology i 2012. Artiklar blir publiserte med Open Access-lisens på nettsida til tidsskriftet. Du kan òg følgja dei på Twitter.

Kontakt:

Susan Lynn Erdmann
941 83 697
susan.erdmann@uia.no

Emner

Regions


Universitetet i Agder er ett av Norges nyeste universiteter, men røttene spenner over mer enn 190 års historie. Vi skaper og tilgjengeliggjør kunnskap og bidrar til nyskaping gjennom tett samarbeid og kritisk refleksjon for fremtidens samfunn.

Kontakter

Walter Wehus

Walter Wehus

Kommunikasjonsrådgiver Forskningskommunikasjon 95025887 Kontaktinformasjon på UiA.no

Samskaping for fremtidens kunnskap

Universitetet i Agder er ett av Norges nyeste universiteter, men røttene spenner over mer enn 190 års historie. Vi skaper og tilgjengeliggjør kunnskap og bidrar til nyskaping gjennom tett samarbeid og kritisk refleksjon for fremtidens samfunn.