Pressemelding -

Frå 44 til 12 prosent stryk i matematikk

Fleire ingeniør-studentar består eksamen i matematikk etter at UiA la om eksamensforma.

– Vi er veldig glade for at vi får fleire studentar gjennom emnet. Det er viktig for resten av utdanningsløpet.

Det seier Michael Rygaard Hansen. Han er dekan på Fakultet for teknologi og realfag på Universitetet i Agder (UiA), og ein av pådrivarane for endringa som no er gjennomført. I fleire år har opp mot 44 prosent av dei som har tatt eksamen i matematikk i første semester i ingeniørutdanninga stroke.

Hausten 2022 endra dei undervisningsopplegget og eksamensforma for alle dei 400 studentane. I staden for ein stor skriftleg eksamen ved slutten av året, innførte dei fire mindre digitaledeleksamenar som er spreidd over heile skuleåret.

Dei har i tillegg ei innleveringsoppgåve ved slutten av semesteret.

Startar tidlegare

– Vi ser at studentane liker eksamensforma – den er digital og fleksibel, seier Rygaard Hansen.

Dei digitale eksamenane er spreidd utover semesteret og studentane kan ta kvar av dei opp til fem gonger i ein periode over to veker.

Med den nye eksamensforma blir studentane inspirerte til å arbeide jamt og trutt med pensum og øvingsoppgåver. Mange har endra arbeidsmønster og ein ser at studentmiljøet er blitt betre.

– Vi ser at dei hjelper kvarandre meir. Etter kvar deleksamen blir mange igjen i mindre grupper for å diskutere svara og korleis dei skal gjere det betre. Dei som fekk det til lærer det vidare til dei andre.

Studentane får også høve til å konsentrere seg om mindre delar av pensum fram mot kvar eksamen.

– Vi ser absolutt ei betring med at mange kjem tidlegare i gang med pensum og oppgåvearbeid. Mange tek eksamenane fleire gonger og får betre resultat kvar gong.

Det beste resultatet blir gjeldande.

Tilfeldige oppgåver og tal

Deleksamenane er digital, men går føre seg fysisk i eit stort auditorium. Det er for å sikre at studentane leverer sitt eige arbeid. Eksamenen varer ein time og studentane bruker eigen datamaskin. Der logger dei inn i STACK, eit program for oppgåver innan matematikk. Programmet gjer det vanskeleg å jukse, mellom anna fordi studentane ikkje får same oppgåver eller tal.

– Studentane sitt tett saman og kan sjå over eller nedover på medstudentar. Men det er ikkje noko nytte i det når ingen har den same oppgåva på same tid, seier Rygaard Hansen.

Ei utfordring med den digitale eksamenen er at studentane ikkje får vist korleis dei kjem fram til svaret. Dei fyller berre inn talet dei har rekna seg fram til. Programmet fortel om det er riktig eller galt svar.

– Derfor har vi også innleveringsoppgåva i tillegg til dei digitale deleksamenane. Der kan studentane vise utrekning saman med svara, seier Rygaard Hansen.

I dei fire deleksamenane kan ein få maksimum 15 poeng for kvar. Innleveringa kan gje maks 40 poeng. Til saman er det mogleg å skåre 100 poeng, som vil seie at ein trenger over 90 poeng for å få karakteren A.

Ikkje ei enkel omvending

Endringa av eksamensforma er eit godt døme på god tenesteutvikling og endringsarbeid på universitetet. Over fleire år hadde matematikkmiljøet sett eit behov for å utvikle nye måtar å vurdere studentane i faget. Men det måtte ikkje gå utover kvaliteten på eksamenen eller undervising. Nåverande viserektor Morten Brekke hadde allereie gjennomført viktig pionerarbeid – noko som gav UiA eit bra grunnlag for å møte behovet.

Våren 2022 brukte tilsette tenesteutvikling og ein sprint-metodikk for å finne ei løysing. Rygaard Hansen var tydeleg i si bestilling, og fagmiljøet måtte sette av fem dagar til samanhengande intenst arbeid for å gå inn i dette. I kjernegruppa satt vitskaplege tilsette saman med eksamenskontoret og superbrukarar på aktuelle IT-system.

– Det var viktig at eksamenen var på eit godt fagleg og pedagogisk nivå. Samtidig måtte det tekniske og administrative vere på plass, seier Rygaard Hansen.

Allereie i haust blei vurderingsforma testa, og resultatet har gått over all forventning. Det er no mange fleire studentar som består, og så langt ser det også ut til at det styrkjer det faglege utbyttet for studentane.

Ifølge Rygaard Hansen hadde ikkje gjennomføringa gått utan godt samarbeid internt.

For å få det teknisk mogleg å gjennomføre har emneansvarleg Sverre Lunøe-Nilsen gjort ein stor jobb med utvikling og programmering av oppgåver og tal i SLACK.

Fagmiljøet i MatRIC har óg hatt ei viktig rolle med utviklinga av konseptet. Fagpersonane har lang erfaring med matematikk og matematikkdidaktikk. MatRIC har også eit drop-in tilbod for studentar som trenger matematikkhjelp. Dei har opplevd stor pågang etter at eksamenen blei lagt om.

Også administrative krefter har vore sentrale for å få dette til. Rygaard Hansen peikar særleg på det gode samarbeidet med både eksamenskontoret og IT-avdelinga.

– Dei har vore viktige. Dei kjenner til protokollane, systema og rammene vi måtte halde oss innafor, seier Rygaard Hansen.

Den nye eksamensforma blir no også tatt i bruk i matematikk 2 som går andre semester for ingeniørstudentar.

Emner

  • Utdanning

Regions

  • Agder

Universitetet i Agder er ett av Norges nyeste universiteter, men røttene spenner over mer enn 190 års historie. Vi skaper og tilgjengeliggjør kunnskap og bidrar til nyskaping gjennom tett samarbeid og kritisk refleksjon for fremtidens samfunn.

Kontakter

Michael Rygaard Hansen

Dekan +47 37 23 32 04

Sissel Eikeland

Kommunikasjonsrådgiver 984 62 244