Ny og unik barnebibel for vår tid signert Alf Kjetil Walgermo og Anna Fiske
To av landets fremste formidlarar har laga ein unik, moderne og sprek barnebibel for heile familien. Alf Kjetil Walgermo har gjenfortalt historiene i tilgjengeleg og moderne språk, og Anna Fiske sine illustrasjonar gir dei gamle historiene eit friskt og nytt uttrykk, både respektfullt og med humoristisk snert.