Rønnaug Kleiva klar med ny bok som tek for seg kunsten å venne seg til døden; "Tilvenningsøvingar"
I si nye bok Tilvenningsøvingar viser Rønnaug Kleiva korleis det å venne seg til døden er ein jobb i seg sjølv. Det er ein sorteringsjobb. Og ein minnejobb. Å venne seg til døden er å skilje mellom det som er viktig og uviktig. Heilt til denne skilnaden ikkje lenger finst.
Ei dødskiste begynner å bli full. Lofts- og kjellarbuer blir tømde. Ein må lære barna sine dei siste tinga: å luke, å steng