Jan Inge Sørbø aktuell med "Til trøyst -å gje språk til psykiske kriser"
Kor går skiljet mellom frisk og sjuk, galen og normal? Jan Inge Sørbø er aktuell med ei ny bok om psykisk sjukdom i litteraturen. Medisinen har ikkje eit godt nok språk for dei kjenslene og erfaringane folk får ved psykiske sjukdommar og plager. Jan Inge Sørbø viser at det er litteraturen som er den store og romslege kjelda til slik innsikt og forståing.