Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

Stor feiring av Ragnar Hovland 60 år på Oslo Bokfestival

Stor feiring av Ragnar Hovland 60 år på Oslo Bokfestival

Ragnar Hovland fyller 60 år i år, og vart feira stort på ei festforestilling i Bergen i mars. No skal han også bli feira med ein eigen festkveld i Oslo. Knut Nærum, Erlend Loe, Lina U. Mariussen, og musikarane Polkabjørn og Annlaug Børsheim skal hylle han under Oslo Bokfestival laurdag 15.9. kl 18.30 på Victoria Jazzscene. Hovudpersonen sjølv vil også vere til stades.

Samlaget feirar Ragnar Hovland 60 år med stor fest og ny bok om forfattaren

Samlaget feirar Ragnar Hovland 60 år med stor fest og ny bok om forfattaren

21.3. lanserer Samlaget Halvor Folgerø og Finn Tokvam si intervju- bok om og med jubilanten, Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland. ”Ragnar Hovland – 60 år i svevet” fest for jubilanten i Losjen i Bergen fredag 23.3. kl 20. Ope publikumsarrangement. Odd Nordstoga, Finn Erix, Maria Parr, Agnes Ravatn, Olav Stedje er blant dei som hyllar Hovland.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO