Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

Aina Basso ute med ny historisk roman: "Finne ly"

Aina Basso ute med ny historisk roman: "Finne ly"

Aina Basso er aktuell med sin nye historiske roman "Finne ly", ei forteljing frå romanifolkets nære forhistorie, som også speglar vår tid. Vi møter den reisande romanijenta Hanna som søkjer teneste hos ein enkemann med sine to vaksne søner. Fordommar, frykt og sjalusi gjer seg etterkvart gjeldande, og Hanna må ta stilling til kva tryggleiken er verdt om han går på kostnad av hennar eigen fridom.

Aina Basso får Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris for 2014

Basso får prisen for den kritikarroste romanen Fange 59. Taterpige.
Juryen seier om følgande om boka:
"Fange 59. Taterpige er eit sterkt portrett av ei ung jente som får livet snudd på hovudet.
Vi treng skjønnlitterære forfattarar som både skriv godt og som med god litteratur kastar seg inn i debatten om menneskeverd også i dag, tre hundreår etter at taterjenta Maria i romanen hamn

Aina Basso nominert til Brageprisen

Aina Basso nominert til Brageprisen

Aina Basso er nominert til Brageprisen i kategorien ungdomsbøker for boka "Inn i Elden" med handling frå hekseprosessane i Finnmark.

PRESSEMELDING: AINA BASSO MED NY ROMAN OM HEKSEPROSESSANE I FINNMARK

PRESSEMELDING: AINA BASSO MED NY ROMAN OM HEKSEPROSESSANE I FINNMARK

Aina Basso er aktuell med ny ungdomsroman om hekseprosessane i Finnmark, Inn i elden. Samlaget lanserer boka under Finnmark Internasjonale Litteraturfestival 29.2. I løpet av 1600-talet vart rundt 80 ”trollkvinner” dømde til døden i Finnmark. Dette er det dramatiske bakteppet for Inn i elden, historia om to unge jenter som hamnar på kvar si side i den grufulle heksejakta.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO