Gå videre til innhold

Pressemelding -

Lansering av ny roman frå Geirdis Bjørlo Roman full av dramatikk, minne og lagnader

I Bjørlos nye roman Avtrykk reiser hovudpersonen Sigrid i løynd til familien sitt sommarhus ein stad på Vestlandet. Ho vandrar rundt i området og vekkjer slik fortida til live. I det ho går inn i eit hus, tar på seg ei jakke, går ned i ein jordkjellar, gløttar utfor eit stup, så blir lesaren ført tilbake til same stad på eit anna historisk tidspunkt.

Utan å vite det nærmar Sigrid seg løyndommar og uklare samband som har fått ligge i fred i mange tiår. Geirdis Bjørlo har skapt ei lesverdig forteljing full av dramatikk, minne og lagnader. Lesaren vert ført gjennom politiske, kulturelle og historiske hendingar. Frå ein oppsetjing av Fruen fra havet på Den Nationale Scene i 1908 til Francos regime. Mange sterke møte med kunst finn stad i boka.

– Eg ville la alle karakterene mine ha sterke opplevingar med kunst. Møte som  skaper draumar, lengslar og visjonar - kunstopplevingar som vert meir eller mindre avgjerande for karakterane sin utvikling og val. Det gjer eg fordi eg sjølv har hatt slike møte. Bileta på veggane, bøkene i bokhylla i barndomsheimen og den aller første teateropplevinga er langt framme i mine minne.

Geirdis Bjørlo (f. 1952) har tidlegare skrive bøker for barn og unge. No er ho ute med si første bok for vaksne. Ho bur i Bergen

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865,
k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00,
www.samlaget.no

Emner

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO