Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

Jon Fosse. Foto: Agnete Brun

Jon Fosse på kortlista til National Book Award

Jon Fosse er ein av fem på kortlista til den amerikanske prestisjeprisen National Book Award i kategorien omsett skjønnlitteratur. Fosse er nominert for tredje band av Septologien VI-VII; Det nye namnet.
Romanen vart lansert i USA i fjor haust til svært gode meldingar.
Utgåva på engelsk er gitt ut med tittelen A New Name, og Damion Searls står bak omsettinga.
Les meir om nominasjonen he

Aina Basso ute med ny historisk roman: "Finne ly"

Aina Basso ute med ny historisk roman: "Finne ly"

Aina Basso er aktuell med sin nye historiske roman "Finne ly", ei forteljing frå romanifolkets nære forhistorie, som også speglar vår tid. Vi møter den reisande romanijenta Hanna som søkjer teneste hos ein enkemann med sine to vaksne søner. Fordommar, frykt og sjalusi gjer seg etterkvart gjeldande, og Hanna må ta stilling til kva tryggleiken er verdt om han går på kostnad av hennar eigen fridom.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO