Pressemelding -
Markerer Høgsteretts 200 år med frimerke
I 200 år har Høgsterett vore eit av Noregs viktigaste statsorgan. Posten markerer jubileet med å gi ut eit frimerke.
Det var i grunnlova som blei vedteke på Eidsvoll i 1814 at det blei slått fast at det skulle opprettast ein eigen norsk høgsterett. Det fyrste rettsmøtet og den fyrste dommen er datert 30. juni 1815.
- I 200 år har Høgsterett vore den høgste alminnelege domstolen i Noreg. Saman med Storting og Regjering er Høgsterett landet sitt øvste statsorgan. Det er naturleg at Posten gir ut eit frimerke for å markere ein så viktig samfunnsinstitusjon gjennom to hundre år, seier konsernsjef Dag Mejdell i Posten.
Jubileumsfrimerket viser Høgsteretts Hus i Oslo, og er laga i gravyre av frimerkekunstnaren Sverre Morken.
- Vi har nytta det ypparste av frimerkekunst, gravyre, ved framstillinga av dette frimerket for Høgsterett, seier Mejdell.
Frimerket er i sal frå laurdag 3. oktober - som og er "Frimerkets dag". Verdien er 20 kroner, som er portoen for vanlege brev mellom 50 og 100 gram.
Høgsterett 200 år
Nummer: NK 1916
Motiv: Høgsteretts hus
Utforming og gravyre: Sverre Morken
Foto: © Fotograf Sturlason
Verdi: Kr 20,00
Opplag: 500 000
Trykk: Ståltrykk / offset frå Joh. Enschedé Security Print, Nederland
Related links
Emner
Kategorier
Posten Norge AS er et nordisk post- og logistikkonsern som utvikler og leverer helhetlige løsninger innenfor post, kommunikasjon og logistikk, med Norden som hjemmemarked. Konsernet møter markedet med to merkevarer, Posten og Bring: Posten kjennetegner tilbudet til privatkunden, postkontornettet og den daglige postdistribusjonen til hele det norske folk. Bring retter seg mot bedriftskunder innen post og logistikk i Norden, og består av spesialister med spisskompetanse innenfor hvert sitt område.