Pressemelding -
Du grøne, glitrande frimerke
Årets julefrimerke frå Posten er eit pynta juletre og ei julepakke.
Det første julefrimerket i verda vart gjeve ut i Austerrike i 1948 som eit minnefrimerke for salmen Glade jul. I Noreg har eigne julefrimerke vore ein tradisjon sidan 1971.
- Julefrimerka har blitt ein viktig del av Posten sine frimerkeutgjevingar. Vi ynskjer å variere motiva. I år har vi valt juletradisjonar som eit grønt, pynta tre og ei julepakke, seier frimerkedirektør Halvor Fasting i Posten.
Om motiva er tradisjonelle, er forma på frimerka uvanleg. Nesten alle norske frimerke er firkanta, men denne gongen er dei forma nettopp som eit tre med lys på toppen og ein pakke. Det bør gi ekstra julestemning både for avsendar og mottakar.
Julefrimerka har ein verdi på kroner 10,50, og vil difor bli brukte på mange millionar vanlege julekort og julebrev i Noreg. Frimerka kom i sal frå fredag 13. november.
Julefrimerke
Nummer: NK 1923-1924
Motiv: Juletre, Julepakke
Utforming: Kristin Granli
Verdi: Kr 10,50 (valør A innland) x2
Utgjevne i: Hefte à 8 sjølvlimande frimerke
Opplag: 3 121 000 av kvart frimerke
Trykk: Offset frå Joh. Enschedé Security Print, Nederland
Emner
Posten Norge AS er et nordisk post- og logistikkonsern som utvikler og leverer helhetlige løsninger innenfor post, kommunikasjon og logistikk, med Norden som hjemmemarked. Konsernet møter markedet med to merkevarer, Posten og Bring: Posten kjennetegner tilbudet til privatkunden, postkontornettet og den daglige postdistribusjonen til hele det norske folk. Bring retter seg mot bedriftskunder innen post og logistikk i Norden, og består av spesialister med spisskompetanse innenfor hvert sitt område.