Gå videre til innhold
Komponist Gisle Kverndokk og librettist Øystein Wiik har laga jubileumsmusikalen Soga om Sol for Opera Nordfjord
Komponist Gisle Kverndokk og librettist Øystein Wiik har laga jubileumsmusikalen Soga om Sol for Opera Nordfjord

Pressemelding -

Utvandrarmusikal inspirert av eventyraren Emil frå Nordfjord

Soga om Sol - ein musikal om utvandringa frå Nordfjord til Amerika, inspirert av verkelege hendingar.

Opera Nordfjord har lenge ønskt å lage ein musikal som tek føre seg utvandringa frå Nordfjord til Amerika. Det var tidlegare styremedlem Arne Sølvberg frå Stryn som først foreslo utvandringa som tema for neste tingingsverk, og slik vart det. I samband med Noregspremiera på musikalen «Jorden Rundt på 80 Dager» hausten 2021, vart Gisle Kverndokk og Øystein Wiik spurde om dei kunne vere interesserte i å skrive ein musikal basert på desse historiene, og det takka dei heldigvis ja til!

Det finst så mange interessante og utrulege skjebnar knytt til utvandringa frå Nordfjord. Det meste av materialet om utvandringa finst berre munnleg blant eldre menneske i Nordfjord, som hugsar fleire av utvandrarane. Det hastar difor med å bevare desse historiene, noko ein musikal kan bidra til.

Sjølv om musikalen er inspirert av opplevingar som lever i minnene til nordfjordingar, er Soga om Sol ei original historie med oppdikta personar. Dette kjem ikkje til å vere ei typisk nybyggjarhistorie om slitet og strevet på prærien; ein vil heller fokusere på draumane, eventyrlysta, flukta frå fattigdomen, den korte vegen frå siger til nederlag og livsmoglegheitene i ei brytingstid der alt kan skje.

Ein vaskeekte nordfjording som vi har late oss inspirere av, er eventyraren Emil Hjelmeseth, som reiste frå Nordfjordeid som 16-åring, tidleg på 1900-talet. Han var ein kortvokst og tettbygd kar, vart kalt «Shorty», men var sterk som ein bjørn – og han spelte fele. I USA og Canada kom han opp i mange eventyrlege situasjonar. Han prøvde seg som gullgravar, jernbanearbeidar, kokk og landstrykar. Han verva seg til den kanadiske hæren i første verdskrigen, og slapp unna å bli drepen av tyskarane på mirakuløst vis. På militærsjukehuset i London forelska han seg i ei engelsk adelsdame, men han meinte han ikkje var god nok for henne og reiste attende til Canada åleine. Han fekk ein gard som takk for innsatsen under krigen, og der tok han seg av to foreldrelause jenter som han oppdro, før han på sine gamle dagar reiste heim til Nordfjord.

I vår fiktive historie møter vi ungjenta Sol Siljegard frå Hornindal, som vert gravid etter overgrep frå storbonden Asbjørn Storhaug. Ho rømmer til Amerika saman med Emil, og livet i New York gir henne ein annan type familie enn ho kunne ha drøymt om, i teatergruppa Danny Gold’s Odditorium.

Vi kan love ein klassisk musikal med både romantikk, dramatikk, soldatar på slagmarka, sorg, sakn og lengt etter den ein elskar og, ikkje minst, humor. Musikken byr på smektande, iøyrefallande melodiar, morosame musikalske pastisjar, store korsatsar og flotte shownummer. Ensemblet er på ca. 25 roller, inklusive hovudroller, biroller, dansarar og statistar, og orkesteret har ei symfonisk besetning på 25 musikarar.

I Nordfjord har vi rik tilgang både på nyutdanna songarar, dansarar, skodespelarar og unge, lokale talent. Vi har difor nesten utelukkande engasjert medverkande frå eige distrikt for å fortelje ei spennande historie frå ei nær fortid. Vi vonar at vi kan inspirere skuleverket i både grunnskule og vidaregåande skule, slik at lærarar og elevar i ein periode kan vektlegge lokalhistorie om utvandringa til Amerika, der dette passar inn i læringsplanen, særleg i historiefaga.

Det kunstnariske teamet er samansett av fleire profesjonelle kunstnariske leiarar frå eige distrikt og består av regissør/dirigent Michael Pavelich frå Eid, scenograf og rekvisitør Anndi Bergset frå Stryn, kostymedesignar Heidi Kverndokk frå Ålesund, lysdesignar Ovar Holmen frå Eid, maskør Hege Ramstad frå Oslo og koreograf og regiassistent Gard Hjertaas Bjørnson frå Oslo.

Det er ekstra stas at dei tre hovudrollene er frå vårt eige lokalmiljø. Ingrid Tykhelle Kayser kjem frå Nordfjordeid, og både Eirik Risholm Velle og Kim Helge Strømmen har vakse opp i Ørsta. I tillegg har vi eit stort lag av både profesjonelle, lokale musikalartistar og dyktige amatørar frå Volda, Hornindal, Sandane, Stryn, Stad, Sogndal og Askvoll.

Vi har hatt eit spennande samarbeid med librettist og komponist dei to siste åra og gler oss til å presentere nytt musikkteater om eit tema som i aller høgste grad er relevant i dag, like mykje som då nordfjordingar – og nordmenn elles – braut opp frå heimen for lage seg ei ny og betre framtid. Dagleg opplever vi nyhendesendingar på TV, der menneske legg ut på farefulle reiser for å krysse landegrensene, med håp om eit nytt og betre liv på den andre sida. Akkurat slik nordmennene gjorde det for over hundre år sidan…

I tillegg til sjølve historiefortellinga frå ei spesifikk tid, handlar denne musikalen òg om å akseptere dei som er annleis enn «oss», uansett bakgrunn, etnisitet og fysiske føresetnader. Danny syng «Kom som du er, syng som du gjer, dans på dei føter du fekk, kampen for likeverd han startar her, du treng ikkje gøyme deg vekk!».

Måndag 4. september samlast solistteamet på Nordfjordeid til fire intense øvingsveker fram mot urpremiere i Operahuset Nordfjord onsdag 4. oktober. Det er ei ekstra stor ære og glede at Hennar Majestet Dronning Sonja vert til stades denne kvelden for å feire 25 år med opera og musikkteater saman med oss i Opera Nordfjord. Velkomen til alle frå fjern og nær!

Billettar: https://operanordfjord.no/comp...

Kari Standal Pavelich,

Operasjef, Opera Nordfjord

Emner

Kategorier

Regions


Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige. I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet. Samarbeid med andre aktørar står sentralt i operaen sitt virke, Eid vidaregåande skule er fast samarbeidspart i produksjon av kulissar og rekvisittar kvar haust, og Musikklinjekoret ved Firda vidarergåande skule har jamnlege konsertsamarbeid om våren. I tillegg er det eit utstrakt samarbeid med andre distriktsoperaer og Den Norske Opera & Ballett gjennom samproduksjonar eller utleige/lån av delproduksjonar. Familieproduksjonen vart innført i 2013 med balletten Nøtteknekkaren. Sidan har både The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown fått god mottaking av publikum. Fast spelestad er Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og administrasjonen har kontorstad i ærverdige Gamlebanken i Eidsgata.

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord

Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge